Åtvarar mot å drikke vatn frå bekken

Døde lemen og andre smågnagarar med harepest kan gjere deg sjuk.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje drikk vatnet i bekken

– Folk bør ta med vatn på flaske dersom dei skal på fjellet i haust. Bekkevatn som elles har topp kvalitet, kan vere farleg å drikke, seier kommunelege Robert Tunestveit i Ål i Buskerud til NRK.

Folk som har hytte på fjellet med brønn, bør også vere oppmerksame. Infisert overflatevatn kan sige inn i brønnen og gjere han til ei smittekjelde.

LES OGSÅ: – Ei verd, ei helse

Oppsøk lege
Harepest er ein alvorleg bakteriesjukdom, men er ikkje dødeleg for friske menneske. Sjukdommen gir symptom som feber, oppkast, halsbetennelse og redusert allmenntilstand og går som regel over av seg sjølv etter ei veke.

– Dersom du får slike symptom etter å ha drukke vatn frå naturen, er det likevel lurt å oppsøkje lege, seier Tunestveit.