No vert det kanskje fleire songskrivarar frå Ørsta. Laurdag fann tretten ungdommar stor inspirasjon av å høyre på Egil Olsen.

 

Rune Sæbønes, Møre-Nytt
Rune Sæbønes, Møre-Nytt
Faktaboks

Egil Olsen (fødd 1980)
• Singer/songwriter frå Ørsta, busett i Oslo.

• Starta musikkarrieren med bandet Uncle's institution.

• Gav i 2007 ut sitt første soloalbum I am a singer/songwriter, der tittelsporet er hans til dags dato største hit.

• Har laga Dagbladet-stripa «Eg, Egil Olsen».

Kjelde: Egilolsen.com

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg har lyst til å skrive songar sjølv, fortel Jenni Bratteberg Aamås.

Ho var yngste deltakar på songskrivar Egil Olsen heldt på Kaihuset laurdag føremiddag. I alt tretten ungdommar var med på kurset, som vart halde i regi av Sparebank1 Søre Sunnmøre.

LES OGSÅ: Ny teikneserie om "rockestjernelivet"

I kveld vert det også gratiskonsert med Egil Olsen på Kaihuset, og der skal m.a. Marte Julia Dalsbø varme opp.

– Det gler eg meg til. Om det vert ein nyskriven song frå dette kurset, tvilar eg på. Vi får sjå til kvelden, seier Marte Julia.

Ho og dei andre fann det uansett inspirerande å høyre på Egil Olsen. Og inspirasjon var eit stikkord for singer/songwritaren frå Ørsta.

– Eg kan ikkje lære vekk så mykje om musikk, for det er ingen fasit på å skrive songar. Eg håper eg kan inspirere ungdom til å skrive songar og halde på med musikk, fortel Egil.

Han fortalde mellom anna at det ikkje er noko gale med å prøve og feile.

LES OGSÅ: Egil Olsen i skrekkeleg musikkvideo

– Du startar på ein song, men kjenner at teksta ikkje sit heilt. Då er det ingenting feil med å leggje han vekk for ei stund, og så ta han opp att, og bearbeide teksten på nytt. Han er snart klar med ei ny plate med tretten songar. Dei har han brukt to år på.

– Og så er det viktig at dei som skriv songar kjenner seg sjølv, og går djupt i seg sjølv. Då vert songane best. Då er ein kunstnar, seier Egil.

Ein som fann det inspirerande å høyre på Egil var Sander Gjertsen. Sekstenåringen frå Ørsta spelar i bandet Greinalaust, og Sander likar å skrive songar.

– Eg håpa eg skulle få inspirasjon til å lage låtar, og Egil har gjeve meg den inspirasjonen. Eg har fått nokre idear, fortel Sander.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE