I grenselandet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spørsmålet går langt tilbake, heilt til 1800-talet. Folk var ikkje samde då, og dei er det ikkje i dag. Men mykje har endra seg. Blant anna vart uttrykka mangelfullt utvikla og varig nedsette sjelsevne brukt. Slik er det ikkje no lenger – men det har ikkje stoppa debatten.

Bernt Georg Wankel skreiv nyleg i si masteroppgåve ved Universitetet i Oslo om korleis rettssystemet tok stilling til tilreknelegheit og sjelsevne-omgrepet mellom 1902 og 1929.

Pål Grøndahl er spesialist i rettspsykiatri, og har vurdert tilreknelegheita til blant andre Lommemannen. Gjennom han får me eit innblikk i korleis vurderingane blir gjort i dag.

LES OGSÅ: Kan vi stole på psykiatrane?

Smidig sjel
– Det var eit veldig smidig begrep. Det kunne tilpassast mykje, forklarar Wankel.

Det er ei lang og komplisert historie bak dette – kven som kom med idéen, debatten rundt bruken – men det er vanskeleg å ikkje gå for djupt inn i det. Difor hoppar me til kva sjelsevne-begrepet faktisk er, og korleis det vart brukt. Og ikkje minst hensikta med det heile.

Allereie før 1902, ei stund før psykiatrien i det heile vart eit fag i Noreg, slapp folk straff om dei var sinnsjuke – alternativet var tvangsinnlegging på asyl eller tvangsarbeid. Debatten fram til 1902 hadde eit kjernespørsmål – vart den kriminelle handlinga gjort på grunn av sjukdommen?

Etter mykje diskusjon rundt dette – var ein permanent sjuk, eller var det drifter i augneblinken som påverka – havna både sinnsjuks-omgrepet og sjelsevne-omgrepet i straffelova.

– Grunnen var at ein var meir open for at folk kunne vera sinnslidande utan at du såg det. Går ein lenger tilbake i historia var det slik: Kan du tella til tjue? Kan du forstå skyld? Ser du omtrent normal ut? Då er du straffeansvarleg. Det var eit meir finkorna kriterie dei ønska seg.

Wankel legg til at dei gamle kriteria går tilbake til 1700-talet, og at debatten rundt tilreknelegheit gjennom 1800-talet var mykje meir sofistikert.

LES OGSÅ: Praksis i grenseland

Stygg, dum og slem
Mellom anna ville dei at driftene og akutt mangel på kontroll skulle ha noko å seia – at det skulle vera grunn til å sleppa fengsel. Men i perioden Wankel undersøkte, skjedde aldri dette.

– Det var ingen slike tilfelle. Dei omgrepet vart brukt om var jamnt over… dumme, om ein skal sei det veldig plumt, seier Wankel.

Av 2000 saker mellom 1902 og 1929 der ein tok stilling til om den tiltalte var tilrekneleg, vart sjelsevne-omgrepet brukt i 55 saker.

– Dei var omtalt på mange måtar, men mønsteret som teikna seg var at dei var dårlege på skulen, dårlege i arbeid – lite sjølvstendige, rett og slett. Det vart kobla til ein idé om at nokre var fødd kriminelle, og slik fekk ein ei samankobling mellom det å vera stygg og dum, og slem, utdjupar han.

– Førte det til at mange som skulle hatt straff fekk behandling, og omvendt?

– Slik kunne det virka om ein berre såg på papira. Problemet for psykiatrien var at den var under press. Det var for få som kunne få behandling på asyl i det heile. Dei ville heller ikkje ha menneskjer med kriminell bakgrunn på asyla, dei var redd det skulle gjera asyla meir fengselsaktig.

Difor kom ein ofte i ein situasjon der det ikkje vart rett å gi fengselsstraff, men ein kunne heller ikkje senda dei på asyl.

– Omgrepet kunne brukast til å lata dei falla gjennom alle institusjonar, det vart ingen sitt problem, seier Wankel.

Det høyres ut som ansvarsfråskriving, men Wankel ser det ikkje heilt slik.

– For meg er det er det eit poeng at legen tilsynelatande brukte begrepet fordi dei meinte det var det var rett å lata dei sleppa både fengsel og asyl.


Pål Grøndahl er spesialist på rettspsykiatri. Han fortel om det omfattande arbeidet som blir gjort rundt tilreknelegheit i dag. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Med sjukehusstrid i bagasjen

Kor spesiell?
Me spolar fram til i dag. Pål Grøndahl, spesialist i psykologi og forskar i rettspsykiatri, sit på ein kafé på Holbergs plass i Oslo og fortel om korleis han jobbar. Han fortel at det er mykje ein må ta hensyn til før ein i det heile tek på seg ei sak, som til dømes om ein er inhabil. Når oppnemninga er på plass kan det komma haugar med meir eller mindre relevante dokument frå politiet. Då han jobba med Lommemann-saka, fekk han tre store boksar fylt med mapper.

– Då kan eg jo ikkje sei at dette gidd eg ikkje lesa, men eg kan rekna med at 97 prosent av det som står der er irrelevant for rettspsykiatrien. Då blir eg ofte veldig matt, men det er jobben min, fortel Grøndahl.

I ei vurdering jobbar han saman med ein anna sakkyndig, og saman går dei gjennom alle faktorane som kan sei noko om tilreknelegheita til den tiltalte. Korleis han eller ho gjorde det på skulen, sjukdom i familien, sjukehusopphald osb.

– Neste stadiet er å snakka med vedkommande sjølv. Samtalane varierer veldig – nokon har eg hatt timeslange samtalar med. Andre stirrar olmt på meg, og mumlar noko om at dei skjerer av meg hovudet om eg ikkje går. Då kan du sei at samtalen finn ein naturleg avslutning ganske fort, seier Grøndahl.

Så mange av puslespelbitane som mogleg må på plass – men sjølv etter alt dette hender det at ein sit att med spørsmål. Det er mange tvilstilfelle.

– Det er mange saker eg tenkjer; eg merkar at han eller ho er spesiell, men kor spesiell? Er vedkommande utilrekneleg, eller berre sær? I ein sak hadde me fire samtalar, og me klarde ikkje finna ut av det. Me testa, og testane bekrefta at han var heilt i grenseland. Sjølv etter døgnobservasjon sat me att med tvil.

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn

Ikkje i eit skjema
Og det er med grensetilfella debatten blussar opp. I Halloween-drapet var rus sentralt – vart psykosen utløyst av rusen, eller hadde han psykotiske lidingar før han rusa seg? Var Anders Behring Breivik tilrekneleg då han reiste til Utøya?

– Veldig mykje kjem an på god vurderingsevne, og det er nok noko av det som gjer at mange reagerer på desse sakene, fortel Grøndahl. Debatten vil kanskje aldri gå over – dette er problem som trass alt ikkje kan løysast med å følgja eit skjema slavisk.

– Me kan gjera det i nokre tilfelle, til dømes med risikovurdering. Der har me mange skjekklister. Men me skal ikkje slutta å bruka hovudet av den grunn. Me kan sei at det er desse risikofaktorane, men me er nødde til å ta ei vurdering av desse faktorane. Lat oss sei du har tatt livet av to personar. Men du slit ikkje med rus eller vald, har fast jobb og familie, du har aldri vore borti psykisk helsevern – men likevel har du skutt to personar. Då vil du skåra lågt på skjemaet, men hallo. Den eine faktoren er at du har skutt to personar. Då kan me ikkje sei det er låg risiko, då kortsluttar hjerna.

LES OGSÅ: Lærer unge om psykisk helse

Eit akademisk problem?
Er det rett og slett umogleg å unngå at folk reagerer med sinne over tilreknelegheitsvurderingar, når menneskjeleg vurdering alltid vil vera ein faktor? Grøndahl trur eit breiare akademisk miljø kan vera ei løysing.

– Har mangelen på eit akademisk miljø ført til mange feilvurderingar?

– Ja, eit stykkje på veg, svarar Grøndahl etter ein tenkepause.

– Men og fordi det er vanskeleg å bli ekspert på noko du ikkje får tilbakemelding på. Nokre yrke, som metrologi, brannvesen, kirurgi – dei får tilbakemelding med ein gong. Det regna då det skulle vera sol. Tilbakemelding lærer ein av. Me som sakkyndige har mykje treigare tilbakemelding, så det er veldig vanskeleg å bli meir treffsikker av erfaring.

– Det me kan bli flinkare til, er å anerkjenna det sjølv. Nokre gonger vil eg ta feil, for dette er soft science, og det vil alltid bli brukt skjønn. Vår jobb er å synleggjera tvilen. Det er noko av det som er viktig for oss, og meir akademisk tilnærming ville kanskje hjulpe oss der, seier Grøndahl.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen