Får pris for openheit

Politikar Libe Rieber-Mohn får Tabuprisen for openheita om sin vanskelege barndom.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidarpartipolitikaren og varaordføraren i Oslo, kan gi andre håp om endring, meiner Rådet for psykisk helse. I ein dokumentar på TV 2 fortalte Rieber-Mohn om ein vanskeleg og traumatisk oppvekst som var prega av seksuelle overgrep.

LES OGSÅ: Angst, angst, baby. Dumdumdum…

– Seksuelle overgrep mot barn er alvorleg kriminalitet. Openheit har sine kostnader, men aller mest smittar openheit. Det gir andre mot, håp, styrke og støtte. Både til å snakke om korleis dei har det og til å be om hjelp, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse, som deler ut prisen.

LES OGSÅ: Halve lønna går til lunsj

Prisen blir utdelt onsdag. I grunngjevinga blir det også framheva at Libe Rieber-Mohn i dokumentaren fortel om korleis ho fekk hjelp med trauma ho var påført.

– Det finst moglegheiter og det finst hjelp. Libe Rieber-Mohn har gjennom historia si vist at det nyttar. Det er moglegheiter og håp om betring. Livet kan bli meiningsfullt og godt sjølv om alt i periodar verkar heilt svart, seier Gundersen.

LES OGSÅ: Psjukt engasjert