Positive til Facebook-sjekk på jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Positive til Facebook på jobb

I undersøkinga som InFact har gjennomført for VG, svarer fleire enn annankvar mann at han sjekkar sosiale medium i arbeidstida. Rundt éi av tre kvinner gjer det same.

Over sju av ti meiner det å sjekke Facebook, Twitter og andre sosiale medium ikkje påverkar produktiviteten. 12,6 prosent meiner likevel det kan påverke negativt, medan 5,5 meiner det påverkar positivt.

LES OGSÅ: Kan ein telefon endre verda?

At det kan ha positive effektar, er noko fleire ekspertar er einige i.

– På den eine sida kan det motverke stress og keisemd, inspirere og få deg til å blomstre av kreativitet. På den andre sida kan det minske optimal jobbyting og produktivitet ved at ein blir distrahert og ufokusert, seier forskar og psykologspesialist ved Universitetet i Bergen og Bergensklinikkene, Cecilie Schou Andreassen, til VG.

Ifølgje Schou viser internasjonal forsking at så mange som fire av fem er innom sosiale medium med personlege formål i arbeidstida.

– Før sat folk og spelte kabal på PC-en. No er vi på sosiale medium. Ein kan jo spørje seg sjølv: Var det så mykje betre å spele kabal? Uansett treng vi eit avbrot frå arbeidet, seier Øyvind Solstad, som er VGs ekspert på sosiale medium.

Han meiner mange bedrifter også brukar sosiale medium som intranett, og at ein på den måten kan halde seg oppdatert på kva kollegaene driv med.Nederst i skjemaet

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket