Halve lønna går til lunsj

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Kjetil André Taule (24) til avisa Nordhordland.

Les heile saka her.

Han er ein av elleve brukarar av Ner Kolås, som er eit arbeidstrenings og aktivitetstilbod for brukarar i Lindås som slit med psyka.

Frustrasjon til taket
Dei jobbar på senteret nokre timar om dagen, og får 15 kroner timen for det. Som ein del av pakka er dei med på vedproduksjon, snikkarverkstad, tekstilarbeid og baking. Fram til no har dei fått maten med i opphaldet, men no må dei ut med 44 kroner dagen i matpengar.

LES OGSÅ: Psjukt engasjert

Det har fått frustrasjonen til å stiga i taket, og i februar sende dei eit brev til Lindås kommune ved ordføraren, der dei klagar på vedtaket.

– Eg merka på stemninga her inne at folk vert sinte. Det er ikkje alle som har like god råd, seier Taule, som seier han vart sjokkert over kravet.

– Vi har jo ikkje så masse i løn. Vi tener 90 kroner dagen og når vi må bruka 44 kroner til mat, så er det ikkje så masse igjen etterpå, tykkjer han.

Taule har sjølv nytta tilbodet på Ner Kolås i fire år, og trivst svært godt.

– Eg har det godt når eg er her. Dette er min andre heim, seier han.

LES OGSÅ: Angst, angst, baby. Dumdumdum…

– Her er det ingen som dømmer eller diskriminerer, sjølv om du har eit problem. Du kan vera deg sjølv, og du treng ikkje lata som om alt er på stell, seier han.

Tek med seg eigen mat
No er han skuffa over vedtaket til Lindås kommune.

– Tenker dei på oss? Kva vi må gjennom for å fullføra ein dag? Eg følte meg litt overkøyrd, seier han.

Konsekvensen no er at enkelte av brukarane ikkje tek seg råd til maten, og sit og et for seg sjølv.

Men det verste var kanskje ikkje at dei må betala for maten, like frustrerande var det at det tok så lang tid å få svar frå kommunen. Det tok over fire månader.

Kommunen: Alle må betala
– Vi må driva mest mogleg likt, elles vert det urett- ferdig, seier kommunen.

– I utgangspunktet vil vi ha eit mest mogleg likt tilbod i forhold til aktivitetstilboda vi har, seier assisterande rådmann, Hogne Haugsdal til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Det hjelper å snakke med nokon

Han viser til at alle brukarar av tilsvarande tilbod i Lindås kommune må betala for maten.

– Nokon meiner at det er ein del av tilbodet å vera med å laga maten, at ein då er med i den sosiale aktiviteten. Men på akkurat denne aktiviteten vil vi ha mest mogleg lik praksis, seier Haugsdal.

– Brevet vart sendt til dykk 14. februar. 16. juni svarte de. Kvifor tok det så lang tid?

– Det kjenner eg ikkje til, sluttar han.

– Det var deprimerande å gå så lenge og venta å svar, for vi hadde håpa på meir i løn, sidan vi må ut med pengar for lunsjen. Folk var spente, og det var stadig vekk eit tema. Og når svaret fyrst kom, var det ei stor skuffing, seier Taule.