Bergensarar vil pendla i gondolbane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil pendla i gondolbane

Ifølgje initiativtakarane kan ein svevebane få god kapasitet og transportera opptil 5.000 passasjerar i timen i kvar retning. Det skriv Bergen kommune.

Innbyggjarane har peikt på at gondolbanar har vist seg som eit effektivt og miljøvennleg alternativ i tette byområde der det oppstår trafikkproblem.

– Kapasiteten er svært stor, og bemanningsbehovet er lite. Dermed ligg det mykje til rette for ein effektiv driftsmodell, skriv forslagsstillarane. Dei strekar også under at ein gondol er rimelegare å byggja enn ein bybane.

– Byrådet meiner det kan vera interessant å sjå på parallelle løysingar til Bybanen på strekningar der det kan oppstå kapasitetsproblem, heiter det frå kommunen. Bybanen i Bergen har hatt fleire passasjerar enn det prognosane tydde på, og byrådet er difor interessert i å sjå på alternativ.

Byrådet bad denne veka bystyret om å fatta vedtak om å undersøkja «om det i samarbeid med andre aktørar og myndighetsorganer er grunnlag for å lage en mulighetsanalyse om gondolbaner i Bergen». (©NPK)