Slik gjekk det då NDL spurte om det multikulturelle Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NDL-kampanje slo feil

Anti-islamske Norwegian Defence League spurte seint onsdag kveld om folk hadde sjølvopplevde historier med det multikulturelle Noreg. Responsen blei kanskje ikkje heilt slik dei førestilte seg.

– Det er ein fantastisk respons, seier Shoaib Sultan, rådgjevar ved Antirasistisk Senter.

– Ein kan le av det, men det er bra at ein forstår at det litt alvor òg. Og at det er viktig å visa ein annan røyndom. Dei spurte for å spreia fordommane sine. Då er det veldig bra at folk svarer på den måten som dei gjer, og viser verda frå ei anna side, seier han.

Sultan understrekar at det fleirkulturelle samfunnet òg har fleire problem som ein må ta tak i, men at det er viktig å få fram alt det gode som skjer òg.

Han håpar at historiene til folk kan få nokre av medlemmane til NDL til å opna augo.

– Eg håpar det går inn.

LES OGSÅ: Disco lovers mot Defence League

Her er nokre av reaksjonane: