Det har vore ein eksplosjon i tal på fisk som forsøksdyr. I fjor vart 5,4 millionar fisk nytta i dyreforsøk.

mm

Dyrevernalliansen er uroa over at talet på dyr som vert nytta i dyreforsøk har gått kraftig opp sidan 2011.

Ferske tal frå Forsøksdyrutvalet (FDU) syner at 5,5 millionar dyr – 99 prosent av desse fisk – vart nytta i forsøk i 2013. I 2011 var talet på dyr nytta i forsøk 1,6 millionar.

Talet på fisk som vert forsøksdyr har eksplodert frå 2012 til 2013. Over 5,4 av dei 5,5 millionane forsøksdyra i fjor var fisk.

LES OGSÅ: – Dyrepoliti førebyggjer mishandling av menneske

Ny ordning på veg
I pressemeldinga med tittelen «Ti forsøksdyr brukes hvert minutt i Norge», kjem det fram at Dyrevernalliansen er uroa for dyrevelferden og vil ha betre tilsyn.

– Med eit meir effektivt tilsyn og betre rådgjeving kunne talet på forsøksdyr ganske sikkert vore redusert betrakteleg, seier biolog og dagleg leiar i Dyrevernalliansen Anton Krag.

Dei har tidlegare vore kritiske til underbemanning i Forsøksdyrutvalet, som skal vurdere søknadar om forsøk med dyr, og inspisere forsøksdyravdelingar.

I fjor inspiserte Forsøksdyrutvalet berre åtte forsøk. Eitt av desse var laboratorieforsøk på mus, resten feltforsøk på fuglar på Svalbard, og fisk og salamander i oppdrettsanlegg.

Dyrevernalliansen forventar no at landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) prioriterer å få på plass eit betre system for kontroll med dyreforsøk, heiter det i pressemeldinga

– Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har arva forsøksdyrproblemet frå sine raud-grøne forgjengarar. No bør ho rydde opp. Eit nytt kontrollsystem er under planlegging, men Mattilsynet somlar. Dei stakkars dyra som døyr og lir betalar prisen for sommelet, seier jurist og informasjonsleiar Live Kleveland.

LES OGSÅ: – Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst

Smerteforsøk
Særleg uroa er Dyrevernalliansen for fleire smertevoldande dyreforsøk. Sidan 2011 har dobbelt så mange dyr vore med på forsøk der dei vert påført fysisk eller psykisk smerte.

Over 180.000 dyr – 99 prosent fisk – vart i fjor påført smerte. Dette skjedde i hovudsak på oppdrettsanlegg i samband med testing av fiskevaksiner og forsking på fiskesjukdommar.

Halvparten av alle dyreforsøka var grunnforsking på biologi, veterinær og humanmedisin, medan 48 prosent er utvikling og testing av medisinsk utstyr.

Dei resterande er sjukdomsdiagnostisering, tryggleikstesting av medisinske produkt og undervisning og trening.

I mars i fjor vart det ulovleg å gjennomføra eller selje dyretesta kosmetikk i EU og EØS-land.

LES OGSÅ: Fleire vel akvakultur

Eksplosjon i fiskeforsøk
Sidan 2005 har Forsøksdyrutvalet opplevd ei jamn auke i søknadar om å nytte forsøksdyr.

Laks var det klart vanlegaste forsøksdyret i fjor. Over 4,7 millionar av forsøksdyra var laks. Torsk kjem på andreplass med i overkant av 600.000.

Talet på andre dyr enn fisk som er nytta i dyreforsøk er nesten halvert sidan 1982, då nesten 120.000 andre dyr vart testa.

Det vanlegaste pattedyret i dyreforsøk i Noreg er mus. Nesten 40.000 mus var med i dyreforsøk i fjor.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE