– Håpar diktarånda får leva i Hauge-senteret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Enkja ynskjer at ånda lever vidare

– Bortsett frå bøker då, legg ho til, men det er også åndsprodukt i dette tilfelle. Det blir ikkje noko krim her, seier ho og ler.

Cappelen som var gift med Ulvik-diktaren i 16 år, er svært nøgd med korleis Hauge-senteret har blitt.

– Eg er veldig imponert. Her har profesjonelle gjort ein kjempefin jobb. Det er nesten umogleg å formidla kva dei har fått til. Folk må berre å koma og sjå sjølve.

LES OGSÅ: – Eit kraftsentrum for poesi i Noreg 

– Hjarta i bygda
Ho rettar ein stor takk til Ulvik herad som har gjeve det gamle heradshuset til museum.

– Det har verkeleg blitt hjarta i bygda. Det ville ikkje vore det same om det skulle vore eit fireetasjars hus ein annan stad i Ulvik.

På Hauge-senteret kan folk mellom anna sjå alle breva Bodil Cappelen og Olav H. Hauge skreiv til kvarandre gjennom fem år, får 1970 til 1975, då Bodil flytta til Ulvik for godt. Tre år seinare gifta dei seg. Bodil Cappelen har også gjeve ei stor biletsamling til senteret.

– Korleis kjennest det å hamna på museum sjølv?

– I dag har eg nettopp sett gravsteinen som eg sjølv skal liggja under, og det gjekk ganske greitt, så då toler eg nok å vera på museum også, seier ho muntert når Nynorsk pressekontor snakkar med henne like etter blomenedlegginga på grava til Olav H. Hauge.

QUIZ: Kva veit du om Olav H. Hauge?

– Draghjelp for poesien
– Kva trur du Hauge-senteret har å seia for poesien?

– Alle grep ein tek for poesien, først og fremst ved å lesa dikt – anten folk gjer det sjølve, eller dei blir lesne for, er av det gode. Det gjev eit blikk inn i ein annan røyndom, og folk kan få andre tankar om sitt eige liv.

– Kva trur du Olav H. Hauge sjølv ville syntest om at det blei bygd eit senter i namnet hans?

– Til å byrja med ville han nok ha synest at det blei altfor mykje oppstuss om han, akkurat som med bautaen som no står der. Men viss han hadde sett det ferdige senteret, ville han syntest det er veldig fint. Det er eg heilt sikker på, seier Bodil Cappelen. (©NPK)

LES OGSÅ: Populær poesibil på parkeringsbøker