mm
Faktaboks

 Tønes

• Frank Tønnesen (fødd 1972)

• Visesongar, gitarist og låtskrivar frå Hauge i Sokndal, Rogaland

• Debuterte med albumet «Rett te håves» (1996)

• Fekk Prøysenprisen og to Spellemannsprisar (vise og tekstforfattar) for «Sån av Salve» (2012) 

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Visesongar Frank Tønnesen, eller Tønes som han kallar seg, har vunne nordmenn sine hjarter med lune humoristiske visesongar.

For den kritikarroste gjennombrotsplata «Sån av salve» (2012), fekk Tønes to Spellemannsprisar. 

I fjor vart han heidra med Målungdommen sin dialektpris.

LES OGSÅ: Frå Dylan til Dalane

Musikken til boka
No kjem 42-åringen med sin første musikkvideo, melder NRK P3 på sine nettsider.

Musikkvideoen er ei visualisering av låta «Indianara» som er inspirert av rogalandsforfattar Tore Renbergs nye roman «Angrep fra alle kanter». Låta vart sleppt i samband med promoteringa av boka, som vert lansert i desse dagar.

– Sangen er eit forsøk på å bringe vidare det som gjorde mest inntrykk på meg fra boka, forklarar Tønes til P3.

Snart skal visemakaren attende til studio for å spele inn ei ny plate.

LES OGSÅ: Ny låt frå Side Brok

Videonovelle frå Bygde-Noreg
Det er journalist og bloggar André Løyning, som har fått oppdraget med å visualisere «Indianara».  

Då passa det fint å nytte artistens kjære Hauge i Dalane, i Sokndal kommune, som scene.

– Videoen handler kanskje ikkje så mykje om songen, eller boka den tar utgangspunkt i, men er meir ei lita videonovelle frå Bygde-Noreg. Men eg vonar den høyrer heime ein stad under ein felles himmel som rommar både Tore Renbergs univers, Tønes sitt univers og mitt eige, seier Løyning til P3.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE