Skal oljeindustrien bli ein del av løysninga, må dei først innrømme at dei er ein del av problemet.

Sist veke vitja talsperson i Grøn Ungdom, Ingrid, ONS saman med ein gjeng ungdomspolitikarar frå dei fleste andre partia. Norsk olje og gass inviterte, og ho fekk til og med vitje den historiske oljeplattforma Statfjord A, snakke med Helge Lund og Gro Brækken, og stille spørsmål om klima i det uendelege. Her følgjer Ingrid sitt reisebrev frå turen:

Aldri før har så mange menneske sagt nøyaktig det same så mange gonger til meg, som på oljemessa ONS i Stavanger i 2014. Sanninga om massive klimagassutslepp blei gjømt bak eit mantra om «langsiktighet, forutsigbarhet og gode rammevilkår.» Eg prøvde å spørje om kva ein kunne gjere for å ivareta desse prinsippa i overgangen til eit fornybart samfunn? Korleis ein kan gjere nedtrappinga av olja på ein best mogleg måte? «Verda treng energi», «gass er ein del av løysninga» var svaret eg fekk. Er det svar, eigentleg?

Ærleg talt, desse frasene til oljeindustrien er reinspikka sprøyt. Veldig mange menneske har skjønt akkurat det. Dei investerer pengane sine i fornybarteknologi og protesterer mot rovdrift på jorda. Samtidig sit det ein svær gjeng oljepampar i Stavanger og kommuniserer kvarandre i hel med at dei er ein del av løysninga og berre kan forsette på same vis som dei har gjort i førti år.

Det er trist at politikarane våre sit som nikkedukkar og delar ut leitetillatingar døgnet rundt. Det er sørgjeleg at dei er med på tåkelegginga av det som i sanning er ei utdatert, fossil industri.

Menneska på kloden treng fyrst og fremst ein fungerande klima (fordi ein treng jo dyrkbar jord og ein stad å bu som ikkje blir jamt råka av ekstremvær), dernest treng ein energi. Rein energi. Det er irrelevant om gass er litt betre enn olje og olje litt betre enn kull. Vi har dårleg tid.

Skal oljeindustrien bli ein del av løysninga, må dei først innrømme at dei er ein del av problemet. Dei kan grønvaske, finpusse argumenter og sette «Changes» som tittel for ONS så mykje dei vil, men til sjuande og sist er det handling vi treng.

No vert eg kanskje ikkje invitert til ONS neste år, men det går eigentleg heilt fint. Det var slitsamt å reise inn i tåkeheimen. Oljebransjen kjem nok uansett ut i dagslys om ikkje så lenge. Dei kjem til å forstå at det er det beste for å sikre arbeidsplassar, energitilgang og klima. Ein skigard kan’kje vara evig, veit du. Skigarden her er altså fossil energi.

Forresten, lengst inne i tåkeheimen møtte eg ein mektig person som klarte å lire av seg at «ukonvensjonell drift i Nord-Amerika (les: tjæresand i Canada) er ein del av klimaløysninga.» Det er berre ein ting å sei til det: LOL.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE