Studentane si vaktbikkje

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter å ha vore nyhenderedaktør i studentavisa Universitas i eit år, tok han denne hausten steget opp i redaktørstolen, der han blir sitjande det neste året.

– Først og fremst er dette draumejobben i eitt år. Det er ein jobb eg kjem til å sakna når eg er ferdig.

LES OGSÅ: Ei verd – ei helse

Viktig vaktbikkje
Molnes er overbevist om at jobben han og resten av Universitas-redaksjonen gjer, er viktig.

– Me er studentane og akademia si fremste vaktbikkje. Me er ei samlande avis for norske studentar i Oslo og Akershus spesielt. Me brukar mykje tid på å pløya gjennom offentlege journalar, og avdekka saker som aldri hadde sett dagens dagens lys, svarar Molnes på spørsmålet om kvifor Universitas er viktig.

For han var Universitas det avgjerande for at han vart biten av journalistikk-basillen.

LES OGSÅ: Mannen med målet

Tok konsekvensen
– Eg har alltid tykt at journalistikk var interessant. Men eg tok ikkje konsekvensen av dette før eg starta i Universitas. Her vart eg bitt av nyheits-basillen og skreiv lange nyheitssaker kvar einaste veke.

I studentavisa har han og bygd opp si eiga erfaring som journalist.

– Kjensla av å vera med i ein redaksjon som saman skal laga ei god avis, var viktig for meg både som journalist, nyheitsredaktør og no som redaktør. Spenninga med å stilla makthavarar til veggs, og å avdekka vesentlege og helst sensasjonelle saker har og vore  ei viktig drivkraft.

LES OGSÅ:Norske studentar tør ikkje seia frå

Mareritt første veka
– Kor ofte drøymer du om Universitas?

– Eg kan berre hugsa nokre få gonger. Eg pleier stort sett å gløyma draumane mine. Den første veka som redaktør hadde eg eit mareritt om at eg hadde gløymd å senda ordrebekrefting til trykkeriet, slik at alle stativa sto tomme dagen etter. Det var godt å vakna opp frå den draumen, fortel Molnes.

Marerittet tyder på at han er engasjert i redaktørstillinga. Det syner seg og då han får spørsmålet om kor engasjert han faktisk er, på ein skala frå ein til ti.

– Det må bli ti. Eg har ikkje vore redaktør så lenge, men det er ein altoppslukande jobb som gir lite tid til overs til andre ting. Men det er ingen tvil om at det er verd det. Jobben er utruleg tilfredstillande, seier Molnes.

LES OGSÅ: Robin Hood-jenta

Ofra kampsporten
– For å vera heilt ærleg, så er det ikkje mykje tid igjen til andre ting. Eg pleidde å trena både kampsport og styrkeløft før, men no har eg ikkje tid til nokon av delane. Restane av energi og tid går stort sett til å henga med vener, seier Molnes.

Vil du lesa om fleire unge eldsjeler?

Red.anm: Journalisten har sjølv vore med i Universitas som journalist og kollega av Molnes. Det har ikkje påverka den redaksjonelle vurderinga om å publisera saka.

Faktaboks

Unge eldsjeler

Framtida.no vil løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel redaktør i Universitas, Geir Molnes, om det han brenn for.