mm

16 år gamle Prjin Atrushi har sjølv opplevd å motta drapstruslar etter å ha snakka terrorgruppa IS (Den islamske stat) imot.

Ho er ikkje i tvil om at den store demonstrasjonen mot IS i Oslo denne veka kan gjere radikale muslimar enno meir radikale, men då fordi dei ser demonstrantane som ein trussel.

LES OGSÅ: Dette betyr jihad

– Ikkje redd
Måndag var 5000 folk – muslimar og ikkje-muslimar – samla framføre Stortinget for å syne motstand mot IS. Demonstrasjonen vart kalla historisk.

19 år gamle Faten Mahdi Al-Hussain (19), er ein av initiativtakarane som har fått mykje ros. Men ho har òg vorte utsett for trugsmål, utan at ho let seg stogge av det. Ho er ikkje åleine.

Denne veka skreiv Rogalands Avis og Jærbladet om ein 16-åring frå Nærbø, som har motteke drapstruslar for sitt engasjement.

Drapstruslane kom i etterkant av ein demonstrasjon arrangert av Sandnes & Jæren SU (Sosialistisk Ungdom), der Prjin er styremedlem. Under parolen «Fritt Kurdistan!» skapte dei 16. august liv og leven i Sandnes gater og Prjin heldt appell.

Meldingane kom på Facebook og hadde ordlyd som: «Viss du ikkje sluttar med det du held på med, og ikkje går frå dei vantru, vil du mista familien din!» og «Viss du står opp mot IS, vil du forsvinna!», ifølgje Jærbladet.

– Den fyrste var ubehageleg, men sidan det kom heilt frå Pakistan, vart eg ikkje redd, fortel den unge muslimen til Framtida.no.

Før desse meldingane hadde ho motteke hatmeldingar, men ikkje direkte trugemål.

Sidan meldingane kom via sosiale medier tok ho ikkje trugselen på alvor og melde det difor ikkje til politiet.

LES OGSÅ: Vil forby blasfemi i FN


Prjin Atrushi er glad fleire muslimar tek avstand frå IS. Her frå den kurdiske demonstrasjonen i Sandnes. Foto: Su Sandnes og Jæren

Rørt av demonstrasjonen
Etter demonstrasjonane i Bergen og Oslo, har det òg vore ei markering i sunnmørsbygda Volda.

Prjin er glad for at fleire muslimar no tek til orde mot terroristane og vil gjerne sjå fleire demonstrasjonar landet over.

– Ein person kan ikkje åleine kan ikkje gjere ein stor forskjell. Men det handlar ikkje om nasjonalitet eller religion. Det handlar om menneskeheita og å stoppe terroristar, understrekar 16-åringen, som vart stolt og fekk tårer i augo då ho via nett såg så mange nasjonalitetar og trusretningar stå saman mot IS i demonstrasjonen i Oslo.

– Om me ikkje står saman no missar me Irak, Kurdistan og Syria for godt, spår ho, og strekar under at dette er ein trussel mot heile verda –òg Noreg.

16-åringen meiner at det verkeleg var på tide at norske muslimar grip ordet mot terroren.

– Eg har mange norske venner som trudde IS var ekte islam. Men islam seier aldri at ein skal drepe, stele eller valdta kvinner, slik dei gjer. Det har ingenting med islam å gjere, slår ho fast.

Ho tykkjer demonstrasjonen i Oslo var veldig bra og har stor respekt for initiativtakar  Faten Mahdi Al-Hussain sitt arbeid. Men ein ting sakna ho: At fleire snakka om kurderane som står i dei verkelege kampane mot IS til dagleg.

Styrkedemonstrasjon
Prjin er fødd i byen Duhok i det kurdiske området i Irak, ved grensa til Tyrkia, men har budd det meste av livet i Noreg på Nærbø saman med familien.

– Eg føler meg ikkje åleine, eg føler eg har heile Noreg med meg, seier Prjin, som har fått mange positive tilbakemeldingar etter at ho har engasjert seg offentleg.   

Ho understrekar at det er viktig at imamar, mullaar, prestar og politiske leiarar står saman mot ekstremismen.

Og sjølv om ho opplevde at meldingane mot ho vart krassare, ja beint fram trugande, etter at ho stod fram tek ho dette som eit teikn på at det å stå opp mot IS opplevast som trugande. Ein demonstrasjon er ikkje berre ein demonstrasjon.

– Etter demonstrasjonen såg dei at me kan gjere noko, avsluttar den engasjerte 16-åringen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE