Sultprisen til Alfred Fidjestøl

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisen blir delt ut av Gyldendals legatstyre og går til eit yngre, eminent forfattarskap. Fidjestøl har utgitt tre bøker, alle innanfor sakprosasjangeren.

LES OGSÅ: Trassig og sta i hundre år

Kraftprosa
Leiaren av legatstyret, Tom Egil Hverven, sa under utdelinga at sjangerovergripande norske prisar i hovudsak har halde seg innanfor det vi upresist kallar «skjønn» litteratur. Årets tildeling kan sjåast som eit uttrykk for at dei prøver å lese og tenkje utanfor vante kategoriar.

Han debuterte med monografien «Hans Jonas» i 2004, ifølgje grunngjevinga ein introduksjon til eitt av dei viktigaste moralfilosofiske forfattarskapa i førre hundreår. I 2007 kom biografien om Per Sivle, «Eit halvt liv», og i fjor stod Alfred Fidjestøl bak det store historieverket om Det Norske Teatret, «Trass alt».

– Dei tre bøkene til forfattaren kombinerer kraftfull, bevegeleg prosa med språkleg avansert tankearbeid, sa leiaren av legatstyret under utdelinga.

LES OGSÅ: Teater og språkfeiring for alle

Kjem med ny bok
I haust er Alfred Fidjestøl aktuell med boka «Frå Asker til Eden, Askerkretsen 1897-1924», ein dokumentar om miljøet rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik i Asker, som blei sett på som ein kulturpolitisk maktfaktor. Boka kjem ut på Det Norske Samlaget i september. (©NPK)