Ein musikkvitar har forska på den tidlegare M2M-duoen. Kvifor i alle dagar gjorde han det?

Det er mogleg å forske på alt mogleg rart. I dag forsvarer Jon Mikkel Broch Ålvik på sin doktorgrad i musikkvitskap – og temaet er Marion Ravn og Marit Larsen.

LES OGSÅ: – Musikklivet er påfallande mannsdominert

Eit underforska område
I 1998 fekk dei to Lørenskog-jentene i M2M platekontrakt med Atlantic Records. Fram til duoen vart oppløyst i 2002, solgte dei kring 12 millionar album og singlar på verdsbasis. Etter brotet har både Larsen og Ravn gjort det godt som soloartistar.

Historia om jentene som vart internasjonale kjendisar i tenåra, er også historia om norsk popmusikk i eit nøtteskal. I alle fall ifølgje Ålvik, som dei siste åra har via mykje tid og krefter til den tidlegare duoen. Eit spørsmål tvingar seg fram:

– Kvifor forske på M2M?

– Eg har fulgt dei to artistane lenge, sidan dei slapp Marit & Marion synger barnesanger i 1996. Då dei seinare debuterte som soloartistar, la eg merke til at Larsen vart møtt med ros og ståande applaus, medan Ravn ikkje møtte ei like velviljug innstilling i pressa. Kvifor var det slik, spør musikkvitaren, som bestemte seg for sjølv å sjå kritisk på kva det var som føregjekk.

LES OGSÅ: – Gi meg èin mann som kan konkurrera med melismene mine

Dyktige marknadsførarar
Ålvik har siden teke eit djupdukk i platene til M2M og soloartistane Larsen og Ravn, i tillegg til musikkvideoar og intervju, kronikkar og andre avisutklipp om artistane frå 1996 og fram til i dag. Målet har vore å finne fram til kva strategiar artistane brukar for å utforme sine popstjernepersonlegdommar.

Biletet Ålvik har funne i materialet sitt er prega av motsetnadar. Soloartisten Larsen byggjer på ei rekkje kvinnelege stereotypiar: jentebarn, nabojente, husmor. Ho smiler skjelmsk til kamera, fniser på scena og gir eit naivt og bedårande inntrykk.

Ravn er hennar motsetnad. Ho er konfronterande, overdriv, utfordrar jantelova og stirer rett i kamera. Medan Larsen spelar på kvinnelege stereotypiar, utfordrarRavn ofte dei hegemoniske oppfatningane av kva ei kvinne skal vere. Medan Larsen er "den naive", er Ravn "den slemme piken".

Biletet er ikkje nøvdendigvis riktig, meiner musikkvitaren.

– Særleg Larsen hevdar at ho ikkje driv imagebygging, men berre er seg sjølv. Ho lukkast òg betre enn Ravn i få gjennom denne framstillinga av seg sjølv som ekte, seg sjølv og naturleg. Men med mine fagbriller ser eg at Larsen framstiller seg sjølv medvite i like stor grad som Ravn, seier Ålvik.

LES OGSÅ: P3 speler meir norsk musikk


Marion Ravn framstår ofte som Larsens motsetnad. I staden for å spele på tradisjonelle kvinneroller, utfordrar ho ofte dei same rollene, meiner musikkvitar Ålvik. Foto: Arbeidarpartiet/Flickr.

Popmusikk påverkar idear om kjønn
Doktograden om dei to artistane er knytt til forskingsprosjektet “Populærmusikk og kjønn i ein transkulturell kontekst”. Der ser forskarane nærare på korleis musikk, og særleg populærmusikk, påverkar våre førestelnader om kjønn.

Men om det stemmer som Ålvik seier, at både Ravn og Larsen har rimeleg god kontroll over korleis dei framstår, er det då noko problematisk ved det? Fritt val, er det ikkje? Ikkje heilt, ifølgje musikkvitaren.

– Populærmusikken er svært viktig for våre idear om kjønn, men den er langt frå eit nøytralt medium.

Samstundes meiner Ålvik at Larsen og Ravn er uløyseleg knytt saman – og at korleis den eine framstår difor påverkar den andre.

– Larsen lukkast best i å portrettere seg sjølv som umediert og ekte – ofte på Ravns bekostning, seier han.

Når Larsen er den dydige, vert Ravn den udydige.

– I den augneblinken ein måte å vere kvinne på vert sett på som meir riktig enn ein annan, kan det verte problematisk. Eg kan ikkje vite korleis publikum oppfattar Larsen og Ravn, men utifrå korleis dei framstår kan ein spørje seg kva presedens det set dersom kvinnelege artistar må vere fnisete og småjentete. Eg ser òg at andre artistar tek etter Larsen si marknadsføring av seg sjølv som ekte og naturleg. Dersom slike stereotypiske kvinneroller vert føretrekt, kan det innskrenke handlingsrommet til artistane, meiner Ålvik.

LES OGSÅ: Kritisert for sexy surfevideo

– Ein glimrande arena for eksperimentering
Skribent og debattredaktør i Fett, Charlotte Myrbråten, tykkjer forskinga til Ålvik er spanande.

– Forskinga gir perspektiv på kor snevre kvinnerollene framleis er, anten ein er den frekke elskaren eller den snille kjærasten. Larsen og Ravns iscenesetjing, og korleis også media framstiller dei to, er veldig fascinerande. Det er også fascinerande at, om ein set det på spissen, så er det framleis dei klassiske hore/madonna-rollene som til dømes Freud snakka om, som gjer seg gjeldande her, skriv Myrbråten i ein epost.

Ho meiner popmusikken er ein spanande stad å sjå på kjønnsroller.

– Popmusikken er ein glimrande arena for å eksperimentere med kjønnsroller, og det gjer mange artistar med stort hell.

Myrbråten trur at både Larsen og Ravn er gode førebilete for unge lyttarar, til tross for ei noko stereotyp framstilling.

– Dei er for øvrig ikkje lærarar heller og har ikkje noko større pedagogisk ansvar for lyttarane sine, anna enn å lage god musikk, legg ho til.

Ta norsk pop på alvor
Musikkvitar Ålvik har aldri snakka med korkje Larsen eller Ravn, eit medvite val han tok tidleg i forskinga. Årsaka er at svara på korleis dei to artistane framstår ikkje finst hjå artistane sjølv, men i omtalane av dei og musikken deira meiner ha.

– Eg er heller ikkje sikker på at dei ville vore interessert i å snakke med nokon som undersøker dei med eit kritisk blikk, seier han.

Forutan å utforske rolla popmusikken spelar i våre idear om kjønn, er målet med doktograden å slå eit slag for norsk popmusikk.

– Populærmusikkforskinga tek i stor grad føre seg engelsk og amerikansk musikk, og forsking på lokalt nivå er etterlyst. Såleis svarar eg på ein førespurnad frå forskingsmiljøet ved å vie norsk musikk merksemd. Norsk popmusikk er noko vi i høgste grad bør ta alvorleg, meiner Ålvik.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE