mm
Faktaboks

Lars Petter Sveen (fødd 1981)

Forfattar frå Fræna i Møre og Romsdal

Har studert på Skrivekunstakademiet i Bergen, har i tillegg bachelor i historie og er utdanna bibliotekar

Debuterte i 2008 med novellesamlinga Køyre frå Fræna, som han mellom anna fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for

I 2011 kom Eg kjem tilbake

Var festspeldiktar i Språkåret 2013

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Han kjem vandrande over fotgjengarfeltet i Kristian VIs gate med Vårt Land oppslått.

Når han kjem inn på Kaffibrenneriet kan han puste letta ut og konstatera at bokmelding nummer to er bra.

Den i Dagbladet var òg bra.

LES OGSÅ: Tre unge festspeldiktarar

Redd for å støyta
Lars Petter Sveen er aktuell med si tredje bok, den beste han har skrive til no, seier han i intervjuet med seg sjølv han nett har lese.

Og «Guds barn» bør absolutt vere noko for lesarane av kristenavisa Vårt Land. Forfattaren frå Romsdal har nemleg latt seg inspirere av dei evangeliske tekstane.

Historia byrjar ved Jesu fødsel og sluttar etter hans død. Han har bygd ut persongalleriet og dikta vidare rundt personar, som gjerne berre er vigd ei setning i originalverket.

– Eg var redd dei kristne ville bli støtt og dei ikkje kristne ikkje ville bry seg, seier Sveen til Framtida og sett seg ned.

Men kvifor akkurat dette temaet?

Han har lese evangelia og alltid vore fascinert av dei 2000 år gamle historiene, som han meiner at er like aktuelle og moderne den dag i dag.

– Det handlar om folk som står saman og kjempar når dei er truga. Det er vonde herskarar, okkupantar, opprørarar og soldatar, fortel forfattaren.

Historiene møtte han tidleg i kristendomstimane – som han tykte var spanande, men òg i julehøgtida.

At han møtte desse historiene fyrst som historier – utan å ta stilling til om dei er sanne, trur han kan ha noko å seie for det gode forholdet til dei.

LES OGSÅ: Norske prestar trur ikkje på bibelforteljingane

Fellesskap og okkupasjon
Sjølv er han kristen, men kjem frå ein human-etisk heim.

– Eg har hatt ein nærleik til teksta, samstundes som eg ikkje hatt noko trong for å ta eit oppgjer verken for eller imot, fortel 32-åringen.

Han tykkjer bibelhistoriene i Det nye testamentet er gode og rørande. Men kva kan han tilføre desse klassikarane frå verdas mest lesne bok?

– Trass i at me kan desse historiene godt veit me lite om personane, meiner Sveen.

I fyrste kapittelet møter me den romerske offiseren Cato, som var med å massakrera jødiske guteborn på kong Herodes sine ordre, men tvilar i ettertid. Der dreg Dagbladets meldar parallellar til det som skjer på Gaza i dag.

Men det er ikkje berre det mørke som har inspirert den mørkkledde forfattaren, han har òg latt seg inspirere av det menneskelege fellesskapet dei truande imellom. Eit fellesskap som ikkje ender i kollektivt sjølvmord eller terror.

Han har bite seg merke i at dei klarar å halde seg til det gode.

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

Ikkje sjølvbiografisk
Universet frå Det nye testamentet er han komfortabel med. Det gamle testamentet tykkjer han vert meir barbarisk. I tillegg passar temaa i historiane rundt Jesus hans poetikk, som han vil skal vere ein del av verda.

– For meg er det fråstøytande å skriva om meg sjølv. Eg meiner forfattarar har eit ansvar for å ta del i verda og spørsmål som angår verdssamfunnet. Eg vil gå inn i konfliktar i verda, ikkje konfliktar i mitt eige liv, seier forfattaren, som vil dikte.

Likevel er det mykje som ikkje vert overlatt til forfattarfantasien.

For å skildre Midtausten på Jesu tid mest mogleg realistisk har han gjort grundig research. Studert vegruter, sett på sosioøkonomiske forhold, funne ut kor vanleg det faktisk var med korsfesting på den tida og fått tre teologar til å lese gjennom manuset.

Det skal vere rett, men treng ikkje vere sant.

Han understrekar at dette ikkje er eit forsøk på å omskrive bibelhistoria. Det er ein roman – og skal lesast som det.

Med fridommen dette formatet gjev har Sveen vigd meir plass til disiplane – spesielt Peter og Andreas, men òg røvarane, soldatane, barna og kvinnene. Personar rundt Jesus.

– Det var mange sterke kvinner i Jesu følgje, noko som var revolusjonerande på den tida, og for så vidt er det den dag i dag.

LES OGSÅ: Vil nekte kvinner stemme- og talerett

– Ein del av oss
Sjølvsagt er det fallgruver når ein vel å ta utgangspunkt i ei historie, som er så nær for så mange, og truleg vil fortsetje å vere det i lang tid framover.

Forfattaren har freista å la romanen vere fri, utan å kræsje inn i folk sine eksisterande bilete.

Han vil ikkje irritere lesaren, men utvide historia.

Men korleis er det eigentleg for ein kristen å skrive historier basert på bibelen?

– Eg kan ikkje leggje vekk trua mi. Ho er alt for meg og er uansett med meg når eg skriv, seier Sveen, som vil la lesaren sjølv tolke boka. Hovudmålet hans har vore å skrive ein god roman.

No er det nok slik at dei færraste vil lese «Guds barn» utan noko kjennskap til innhaldet.

– Eg trur dei fleste kan historiene. Dei står sterkt i vårt samfunn og vil alltid gjere det, seier forfattaren, som meiner at historiene er ein fin del av oss.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Favorittsamaritanen
Spesielt fin tykkjer han at Jesus si likning om den barmhjertige samaritan er. Tittelkapittelet «Guds barn» hentar inspirasjon frå denne likninga, men Sveen har valt å studere røvarbanden som angrip den uheldige mannen som samaritanen hjelper.

Røvarbanden ser Sveen for seg som illustrasjonane til nederlandske Kees de Kort i klassiske barnebibelforteljingar. Dei enkle figurane, som ofte er samansett av fargeflater i varme jordtonar, er det mange forbinder med dei fyrste bibelhistoriene.

Sjølv har Sveen kjøpt samlebindet på nederlandsk – før det kom ut på norsk – og samla alle enkeltbøkene på norsk.   

Han drøymde til og med om å få kunstnaren til å illustrere det nest sist kapittelet i boka, som er skrive som ei barnebok frå eit barns synsvinkel.

– Då sa forlaget nei. Det var for sært, kan forfattaren avsløra.

LES OGSÅ: – Ville du funne deg dame på sukker.no

Heiltidssatsing
Ein annan bibelsk karakter han er spesielt glad i er Peter – den sterke klippen, som sviktar Jesus, men reiser seg att etterpå.

Snart skal òg Sveen få prøve seg på nye utfordringar, om ikkje på heilt same måte som Peter.

Fram til jul jobbar han femti prosent i Foreningen !les, der han har vore dei siste åra, før han vert  heiltidsforfattar neste år. Då flyttar han med familien til Tanzania for to år.

Han gler seg, men er spent på korleis han vil takle skrivetilværet på fulltid.

Og kven veit. Kanskje vert handlinga i neste bok lagt til det afrikanske kontinent, kanskje til Fræna. Staden er ikkje det viktigaste.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE