Hopp gjerne over frukosten

Anders Veberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

New York Times stiller spørsmålet – er frukosten overvurdert?

Nokre studie viser at påstanden om at frukosten er dagens viktigaste måltid kanskje ikkje er like gyldig. Det er ein etablert tanke at frukosten er viktig for å gå ned i vekt. Stabile måltid, næringsstoff gjennom dagen – og andre grunnar du kan lesa om blant anna hos Opplysingskontoret for Meieriprodukt.

LES OGSÅ: Desse smakane må alle kunne

Liten effekt
Ein av studiane New York Times såg på, fekk med 300 friviljuge som ville ned i vekt. Dei delte gruppa i tre – nokre åt som før, nokre fokuserte på å eta frukost, og nokre hoppa over frukosten. 16 veker seinare skulle resultatet målast – og det synte seg at frukosten hadde liten effekt for dei som var med.

LES OGSÅ: Får brødet til å vara lengre

I ei anna studie undersøkte dei slankare friviljuge som vart delt i liknande grupper – og i seks veker målte dei alle endringar i kroppen. Heller ikkje her gjorde frukosten særleg stort utslag.

Basert på desse to studia åleine er det ingen grunn til å bannlysa frukosten i kosthaldet – men kanskje det ikkje er fullt så nøye om du hoppar over dagens "viktigaste" måltid om du er litt seint ute.

LES OGSÅ: Suksess med uperfekt frukt