Over fem tusen var måndag ettermiddag samla på Eidsvoll plass for å vise avsky mot ekstremisme og terror. Det heile starta med fem unge muslimar som ville ta islam tilbake.

Espen André Breivik
Espen André Breivik

Den islamske staten (IS) har vakt oppsikt med sine brutale metodar i Irak og Syria. Reaksjonane har også vore mange etter at den norske gruppa Profetens Ummah gjekk ut og utrykka støtte for handlingane.

Yazan Alobalde (28), Faten Mahdi Al-Hussein (19) og Sara Aljaboury (18) ville ikkje stå og sjå på at ei gruppe ekstremistar skulle få definere islam. Dei står bak demonstrasjonen måndag ettermiddag.

– Grupper som dette har misforstått heile islam. Islam betyr fred og handlar om å spreie den gode bodskapen. Det er synd å drepe menneske, uansett. Ein skal respektere andre truande og ikkje-truande og mennesket skal vere fritt. Tvang er aldri Guds vilje, men respekt, toleranse og fred, fortel Sara Aljaboury.

Det starta med eit enkelt Facebook-arrangement, men ordet spreidde seg raskt. Til trass for dårleg vêr tok fem tusen personar til gatene i Oslo sentrum. Bak parolane «Ikkje i islams namn» og «Saman mot terror, saman for fred!» og med ropande slagord som «Ingen terroristar i våre gater» gjekk demonstrantane frå eit overfylt Grønland Torg til Eidsvoll plass framfor Stortinget.

Frå venstre: Sara Aljaboury (18), Faten Mahdi Al-Hussein (19) og Yazan Alobalde (28) ville ikkje lata grupper som IS og Profetens Ummah definera islam. Dei står bak demonstrasjonen måndag.

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

Breitt politisk oppmøte
Alle partileiarane og representantar frå alle dei religiøse miljøa i Noreg var samla med eit felles bodskap, mot terror og for fred.

– Dette er historisk! sa Abid Raja frå Venstre, då han gjekk på talarstolen

– Som muslim lærte eg tidlig frå Koranen at drap på eit uskyldig menneske er som drap på heile menneskeheita, og Allah elskar dei som handlar rettferdig. Vi har meir til felles, enn det som skiller oss frå kvarandre, og det er saman vi må bekjempe ekstremismen.

Også statsminister Erna Solberg var oppteken av fellesskapet.

– I dag handlar det ikkje om korleis vi er ulike, men om det vi i fellesskap trur på. Vi trur på demokrati, ytringsfridom og at politisk diskusjon skal skje utan vold, sa Solberg på talarstolen til jubel og applaus frå folkehavet.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre gjekk saman med Venstre-leiar Trine Skei Grande i demonstrasjonen gjennom Oslo sine gater.

– Eg som Oslo-buar ynskje å svare på det initiativet som muslimar i denne byen tek når dei seier nei. Dei vil at religionen ikkje skal legitimere vold og ekstremisme, og dei verdiane deler eg. På tvert av ulikheiter som det er mange av i denne folkemengda, så har vi det til felles. Denne byen har sagt ifrå fleire gongar dei siste åra, og det kjennes godt å bu i ein sånn by.

– Eg forstår at mange muslimar vert forbanna over å bli plassert i ein bås saman med dei ekstreme. Då Anders Behring Breivik forklarte sine handlingar og knytta det til kristendommen, så var det ingen som kravde eit svar frå oss andre kristne. Derfor skjønar eg at norske muslimar ynskjer å ta avstand når dei vert knytta til dei ekstreme tankane, legg Skei Grande til.

Det var også naturleg for Oslo-ordførar Fabian Stang å ta del i demonstrasjonen.

– Eg har nesten dårleg samvittigheit for at muslimar her på ein måte må unnskylde seg sjølv for noko andre gjer og står for, nokon som påstår å dele same religion. Det er ikkje alt vi som politikarar kan løyse, då er det enkeltmennesket sitt engasjement og synleggjering av det som er løysinga, som denne demonstrasjonen her i dag, fortel han.

LES OGSÅ: Den evige jakta på Raude Khmer

«Saman mot terror, saman mot fred»

Ikkje samla for å hate
Initiativtakar Yazan Alobalde var på gråten då han takka alle dei frammøtte mot slutten av arrangementet.

– Vi hadde ikkje klart dette utan alle støttespelarane. Eg er svært takknemleg, sa han frå talarstolen. Han var også oppteken av å påpeike at løysinga ikkje er å hate.

– Alle må vere invitert, uansett kva ein trur på. Også Profetens Ummah må ein gå i dialog med. Og til dei som er skeptiske til muslimar; snakk med oss, seier han.

Hadde du sett for deg å få med fem tusen demonstrantar og statsministeren då du tok initiativ for dette for berre få dagar sidan?

– Nei, det hadde eg ikkje. Det kjennes veldig bra. Det er fantastisk at så mange kom, og at parti og organisasjonar stilte seg bak. Men dei viktigaste deltakarane her var ikkje politikarane, men det sivile Noreg.

Statsminister Erna Solberg (H) hold og ein appell måndag ettermiddag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE