Vegen til førarkortet

Det kostar fort rundt 25 000 kroner for å køyre opp til billappen. Mange byrjar med køyreundervisning i samband med skulestart.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Vikebladet

Raymond Trulsen, dagleg leiar ved trafikkskulen T-1 i Ulsteinvik fortel at det er mange som startar opp med køyreundervisning no i samband med skulestart. Men ein del er usikre på kor mykje som er obligatorisk og kva det vil koste å køyre opp.

Han er snar med å presisere at det er stor variasjonar mellom elevane på kor lang tid dei bruker på å køyre opp og kor mange køyretimar dei treng med skulen. Det heng saman med kor mykje tid dei sett av til å lære seg å køyre bil, og kor mykje dei øvingskøyrer privat.

Gjennomsnittleg bruker ein tre månader på å køyre opp.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Ja til 16-åringar bak rattet
Trulsen meiner det er lurt å byrje å øvingskøyre når ein er 16 år. Då får ein betre tid på seg til køyreopplæring både privat og på skule og kan køyre opp når ein fyller 18 år.

For å ta lappen må ein gjennom fire trinn med opplæring.

Alle under 25 år må ta trafikalt grunnkurs. Der lærer elevane om korleis ein oppfører seg i trafikken. 

Dei som er eldre må stille til ein kveld med førstehjelpskurs og dei må ta mørkekøyring. På førstehjelpskurset lærer dei kva dei skal gjere om dei kjem først til ein ulukkesstad.

Etter dette første trinnet får eleven prov frå Statens vegvesen på at dei kan øvingskøyre.

LES OGSÅ: No tek rekordmange kollektivtrafikk

Bli kjent med bilen
Andre trinn i opplæringa er å bli kjent med bilen. Dei lærer tekniske kunnskapar for å manøvrere bilen, som å starte og stoppe bilen og speglbruk.

På dette trinnet er det berre ein time som er obligatorisk, men det er ikkje uvanleg å bruke ti timar på dette.

LES OGSÅ: Ikkje alle vil ha stemmerett

Trafikal del
På tredje trinn får eleven køyre i trafikk, og dei lærer seg å samhandle med andre bilar. Dei lærer trafikkskilt, fartstilpassing, om vikeplikt osb. Når dei byrjar bli sjølvstendige er dei klare for sikkerheitskurs bane (tidlegare kalla glattkøyring). Der lærer ein mellom anna korleis ein skal sikre personar og gods i bilen.  

Siste trinn er sikkerheitskurs veg, det er på 13 timar og alle er obligatoriske. Fire timar er teori og ni timar køyring. Her lærer ein om risiko, miljøvenleg og økonomisk køyring.

Så er ein klar for oppkøyring.