Norsk smaksskule set smak på pensum.

mm

Meisterkokken Ståle Johansen har erfaring frå Fossheim hotell og har laga mat for Skiforbundet og Olympiatoppen i seks OL og diverse VM. Sist veke hadde han og ei rad andre meisterkokkar kurs for lærarar og barnehagetilsette gjennom Norsk Smaksskule.

– På kurset har eg snakka om at ein heile tida må vera på jakt etter gode smakar.

Menneske kan skilja mellom tre millionar forskjellige lukter, saman  med konsistens og smak utgjer dette forskjellen på maten me et.

– Det handlar om å utvida smaksforrådet. Kosthaldet vårt blir meir einsforming – kvitt sukker og salt tar over meir og meir. Det er viktig å eta ekte mat. Når ein et graut, så veit ein kor mykje sukker ein har oppå. Men det er ikkje så mange som veit kor mykje sukker ein får i seg når ein et ein ferdig rekesalat, seier Ståle Johansen.

– Ferdigmaten me et har mykje dei same smakane. Det smakar smaksforsterkar, seier han.

LES OGSÅ: Forskar på lokal smak

– Må smaka

– Om ungane ikkje likar kokt gulrot, så kan det godt vera at dei likar bakt gulrot. Det er søtare.

– Det er lov å seia at ein ikkje likar noko, men då må ein smaka først, understrekar Johansen.

Sambuaren hans jobbar som førskulelærar i barnehage og har tatt med ungane for å sanka brennesler til neslesuppe. Ungane var med på å laga suppa, og alle ville smaka.

– Det ligg i oss, me er eit jeger- og sankarfolk. Me vil eta det me finn sjølv i naturen, seier han.

LES OGSÅ: Forskar på lokal smak

Dyrkar sjølv

Frode Selvaag, betre kjent som Ryfylkekokken, er òg ein av kurshaldarane på Norsk Smaksskule.

– Eg er opptatt av at det enkle er viktig. Det er ikkje alltid ein treng saus. Ein bør halda på få og enkle råvarer som ein bruker på forskjellige måtar. Bakt gulrot er nesten like støtt som snop.

– Det er òg viktig med fysisk aktivitet. Det gjer at ungane blir svoltne.

– Før hadde me ein betre smakspalett i Noreg. Før visste dei forskjell på ei god og ei dårleg gulrot, seier han.

Ryfylkekokken meiner fleire skular burde få dyrka sin eigen mat.

– Det er ikkje trong for så stor flekk der ein kan plukka poteter og gulrøter om hausten.

LES OGSÅ: Forskar på lokal smak

Frode Selvaag, betre kjent som Ryfylkekokken, var ein av kurshaldarane på Norsk Smaksskule i Haugesund.

– Inspirerande

– Me har lært så mykje, seier Audhild Kartevoll. Ho er kokk i Kverneland barnehage i Time kommune, og har lang erfaring som kokk.

– No fekk me læra meir om korleis me kan laga ting frå botnen av. Me har fått læra om korleis me kan laga tre måltid av ein heil kylling, fortel ho.

I barnehagen deira har dei fast bakedag kvar torsdag. No blir det endå meir satsing på mat i barnehagen.

– Ungane et alt når dei får prøva sjølv, seier ho.

– Det har vore veldig kjekt og inspirerande. No gler eg meg veldig til å ta det i bruk i barnehagen, seier Kristin Helland Stråtveit, ved Kaland barnehage i Austrheim.

På kurset har det vore fokus på gode råvarer. Stråtveit fekk seg ein vekkjar då dei laga fiskekaker av rein fisk.

– Når ungane får prøva sjølv, så får ein ikkje høyra at dei ikkje likar. Og det dei får smaka i barnehagen, kan dei ta med seg heim og inspirera dei heime, seier ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE