Spreke born, smarte born

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Illinois University har funne ein samanheng mellom spreke born og evna til å læra og hugsa, skriv Daily Mail.

Skilnaden ligg blant anna i den kvite hjernemassa, som studiet viser at spreke born har meir av. Kvit hjernemasse er nervane som fraktar informasjon frå ein del av hjerna til ein anna, og er difor viktig for nettopp læring og hugse.

LES OGSÅ: Den vanskelege jentetissen

Jaggu er han ikkje smart i tillegg. For ein fyr. Illustrasjon: Colourbox.com

Endra på stereotypen
Med andre ord er det kanskje rom for å rydda litt i stereotypen om at det er dei litt enklare hjernene som søkjer mot idretten. Det er godt mogleg den er basert på rein sjalusi frå dei dvaske uansett.

Studiet vart gjort på 24 born, og difor kan nok resultatet takast med ei klype salt. Men ifølgje Daily Mail vart det teke høgde for ulike økonomiske og sosiale skilnader, puberteten, IQ og andre faktorar som kan spela inn. Og likevel står dei for resultatet, som og blir støtta av tidlegare studie med same resultat hos vaksne.

LES OGSÅ: Debatt: Vi treng meir forsking om sexkjøpslova