Og dei varslar ein EP i løpet av hausten. Hovdebygd-rappen er tilbake, med rap-debutant.

Side Brok, altså Sjef R, alter-egoet Torstein Hyl III, og Skate Bård, frå Hovdebygda i Ørsta kasta ut ei ny låt på Youtube. Med seg har dei og Sirkel Sag for anledninga. I fjor kom albumet «H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.», og med låta «Omatt og omatt» varslar dei og ein EP, med langversjon av singelen, i løpet av hausten eller vinteren.

Det skriv P3, som og nyttar høvet til å skriva nynorsk. Det set me pris på, P3.

Høyr låta her, om du har Spotify. Elles ligg videoen i botn av saka.

LES OGSÅ: Høyr Side Brok si resirkulerte låt!

Rap-debut
Låta blir presentert med video – ein enkel video med kvit tekst på svart bakgrunn.

«Hei.

Vil du høyre den nye songen vår?

Han begynner no.»

Slik startar videoen, og vidare blir låta fulgt med noko tekst frå sangen, og nokre kommentatorspor – som til dømes å opplysa om at DJ-en Skate Bård, som vanlegvis har holdt stødig takt i bakgrunnen, får sin rap-debut.

«Steik», er kommentaren i videoen.

LES OGSÅ: «Beatles»-gutane fekk 60-talskurs

Og så varslar dei denne EP-en til hausten eller vinteren, då.

Sjå videoen her, gjerne om att og om att.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE