Dette har du aldri lurt på

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nokre ting har du nok aldri lurt på, men det er godt å få svaret likevel. Som til dømes på spørsmålet – kva skjer eigentleg når du brenn deg på ei manet i havet?

No får du svar på akkurat det, via eit mikroskop, eit høghastigheits-kamera og Youtube-serien «Smarter Every Day».

Du kan sjå videoen under – der det heile blir forklart på ein enkel måte.

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

Giftig og giftig
Kort oppsummert er det greitt å vita på førehand at dyr og planter kan vera giftig på to ulike måtar – «poisonous» og «venomous». Er noko poisonous, blir du sjuk eller døyr av å eta det. Er det venomous, går det aktivt inn for å forgifta deg med gift på tenner, hale eller tilsvarande – som til dømes ein slange, eller ein manet i dette tilfellet.

For maneten er giftig på det aktive slaget – langs dei lange, sprellete tentaklane er det små sprøyteliknande piggar som festar seg til deg og sprøyter gifta inn. Ikkje berre eit lag med gift som ligg på tentaklane, som det kanskje er naturleg å tenkja seg.

LES OGSÅ: Kven eig dette biletet?

Forresten – toxicologisten som er med i videoen, Jamie Seymour ved James Cook University i Australia, holdt i natt ein Ask Me Anything på Reddit – der han svarar på alle moglege spørsmål om arbeidet og giftige dyr. Der er det fort gjort å forvilla seg eit par timar.

Ok, her er videoen: