«Beatles»-gutane fekk 60-talskurs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Louis Williams, Håvard Julius Jackwitz, Ole Nicolai Myrvold Jørgensen og Halvor Tangen Schultz spelar hovudrollene i Peter Flinths filmatisering av Lars Saabye Christensens litterære bauta av ein oppvekstroman frå 1960-åra i Oslo. Søndag opna den filmfestivalen i Haugesund og «The Fab Four» var naturlegvis på plass.

– Vi har hatt 60-talskurs med Saabye. Han viste mellom anna korleis du set på ei LP-plate. Det var nervepirrande. Der sat vi med den gamle Sgt. Pepper-plata til Lars og var veldig redde for å skrape ho opp med stifta, seier Louis «Kim Karlsen» Williams til NTB.

Han synest unge menneske ikkje har endra seg så mykje sidan den gongen.

– Vi høyrer ikkje på LP-plater lenger. No går det i iPhone og Spotify. Men vennskap og kjærleik og forelsking og sånt, det har eigentleg ikkje endra seg.

Hans store kjærleik i filmen, Cecilie, blir spelt av Susanne Boucher.

– Vi har aldri brukt så mykje tid på å gjere ingenting som no. Men eg trur dei utfordringane ein møtte som ungdom på 60-talet i hovudsak er dei same som i dag. Det er det som gjer denne boka og vonleg filmen også så tidlaus, seier ho til NTB.

«Beatles» har premiere over heile landet fredag 29. august.

Dansk forundringspakke

Etter at den norske regissørduoen Joachim Rønning og Espen Sandberg trekte seg frå filmen, fall valet på danske Peter Flinth.

– Eg hadde ikkje lese boka, men visste at ho betyr mykje i Noreg. Så las eg ho fordi eg tenkte at det var risky business å gi seg i kast med eit norsk klenodium. Eg har tidlegare jobba med ei Terje Vigen-filmatisering og veit at norske litteraturskattar er kompliserte saker. Men det er noko i Beatles-romanen som er universelt – kjærleiken, vennskapen, prosjektet med å starte eit band, det å vekse opp og finne si eiga stemme.

Flinth har tidlegare arbeidd med barne- og familiefilmar, men ikkje oppvekstromanar. Han føler at ein må utfordre seg sjølv heile tida som regissør.

– Eg trur ikkje danske regissørar har eit ekstra godt tak på denne sjangeren, men Danmark er ein liten avkrok der vi ikkje har så store konfliktar. Difor blir det konfliktane innanfor familien som betyr noko. Det er dei nære historiene som fyller dansk litteratur og film, meiner regissøren.

Frå venstre: Skodespelarane Louis Williams, Susanne Boucher, Håvard Julius Jackwitz, Halvor Tangen Schultz og Ole Nicolai Myrvold Jørgensen frå filmen Beatles, under årets filmfestival i Haugesund. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Venner

Han trur det er bra å flytte rundt på regissørar i Skandinavia.

– Eg har arbeidd i Sverige og såg på det med nye auge. Då eg kom til Oslo, fekk eg sjå dette eksotiske strøket som heiter Frogner.

Den store oppgåva for Flinth var å bringe saman dei fire gutane som aldri hadde laga film før, og ikkje kjende kvarandre.

– Dei var skikkeleg nervøse og vi hadde lita tid. Oppgåva var å få rista dei saman. Det er mykje manusforfattar Axel Hellstenius' forteneste. Han er ikkje berre ein god forfattar, han er også god på å få tenåringar til å fungere saman. Vi drog på hyttetur og sykkeltur saman og gjorde aktivitetar. Så dei blei ordentlege venner, og det blei sterkare og sterkare under innspelinga. Og det ser ein då også i filmen.

Hellstenius seier til NTB at han fekk frie hender av forfattaren. Han valde bort dei mørke elementa i romanen fordi han følte at dei allereie var tatt ut i andre filmatiseringar av Saabye Christensens romanar og gjorde historia i «Beatles» lysare.

Originalmusikk

Det var ein klar føresetnad for produsent og regissør at dei fekk bruke original Beatles-musikk. Produsent Jørgen Storm Rosenberg kan fortelje at dei brukte to år på den jobben og at ingen tidlegare har fått eit liknande løyve. Magne Furuholmen har komponert og spelt inn den andre musikken i filmen.

– Det er laga filmar med coverversjonar, men her der ein har ei historie der desse ungdommane er påverka av Beatles, så måtte vi ha Beatles. Vi fekk masterinnspelingane frå Abbey Road Studios i London.

Men musikk blir også framført av Kim, Seb, Ola og Gunnar. Då Flinth kom inn i prosjektet hadde allereie hundrevis av kandidatar prøvespelt framfor kamera.

– Så eg spurde: – Kven av dei kan spele instrument? Og fekk til svar: – Vi har gløymt å spørje. Det var mitt første møte med norsk filmproduksjon. (©NPK)