Fire av ti liker meg

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Fire av ti liker meg

Eg veit det. Om ein kjenner seg litt blaut, så kan ein tenke at det må vere tøft å vere politikar. Du blir vurdert og målt heile tida. Uansett kva du seier, meiner eller tenker, så står politiske motstandarar, veljarar, journalistar og meiningsmålarar klare til å felle ein dom: Sa du ikkje noko anna i fjor? Var du ikkje litt utydelig der? Ville ikkje ein annan politikar gjort denne jobben betre?

Det kan verke tøft.

Men ærlig talt, det er fleire av oss som skulle ønske vi faktisk hadde det slik. Vi kan vel alle vere usikre på om folk liker oss. Vi har vel alle behov for bekrefting av og til. Politikarar får det heile tida.

La oss seie at livet er ein fest. Det finst sjuke folk som seier det. Dagen etter ein fest har det vel hendt fleire av oss at vi har lurt litt: Sa eg ikkje mykje dumt i går? Snakka eg ikkje litt for høgt? Sa eg Beate til den nye kjærasten til Geir? Heiter ikkje ho Bente? Dansa eg for mykje? Var ikkje den riverdance-greia eigentlig utdatert for tjue år sidan? Var det strengt tatt nødvendig å stå på hendene på nachspielet? Liker folk meg, eigentlig?

Politikarar er folk, har eg høyrt, og stiller seg sjølve sikkert også slike spørsmål etter ein arbeidsdag eller ein debatt: Sa eg ikkje mykje dumt i kveld? Blei eg for hissig? Snakka eg for høgt? Såg eg ikkje litt rar ut på håret? Heng eigentlig det argumentet om bomstasjonar på greip? Liker folk meg, eigentlig?

Men politikarar får faktisk svar. For eksempel: Denne veka blei det offentliggjort ei meiningsmåling som viser at 42% vil ha Jonas Gahr Støre som statsminister. 40% vil ha Erna Solberg.

For det første: Alle vi som har kasta vekk nokre år av liva våre til å studere samfunnsfag, og derfor har lært litt om feilmarginar, veit at dette betyr at det er uavgjort.

For det andre: Førti prosent?!? Hallo?! Det er slikt vi andre drøymer om: Å få vite at fire av ti faktisk liker oss, trass alt.

Erna Solberg blei intervjua om denne meiningsmålinga, og måtte sjølvsagt halde seg alvorlig og seie noko om at Jonas Gahr Støre er ein tøff motstandar og bla bla bla. Men om ho er eit nokolunde normalt menneske, og det trur eg ho er, så må ho jo ha tenkt: «Dette er heilt fantastisk! Eg har ein kjempevanskelig jobb der folk passar på og vurderer og kritiserer meg absolutt heile tida, og likevel synest fire av ti at eg er bra. Fire av ti!! Det er langt fleire enn dei som stemte på partiet mitt. Jippi!»

Eg synest både førti og førtito prosent er veldig høge tal. Det synest eg naturligvis fordi eg trur at folk flest hatar politikarar. Det trur eg fordi eg, som alle andre som skriv i avisa, trur at dei som skriv i kommentarfelt er folk flest. Det trur eg fordi eg, som alle andre som skriv i avisa, berre har kontakt med andre som skriv i avisa, og faktisk aldri har møtt folk flest.

La oss seie at livet er ein fest. Det finst perverse folk som seier det. Hadde det ikkje vore vedunderlig om vi kunne fått ei slik stadfesting dagen etter?

40% synest ikkje du sa noko dumt i går. 40% synest faktisk at du sa mykje smart. Dei siste tjue prosentane snakka du ikkje med. Ingen synest du snakka for høgt. 100% bekreftar at  kjærasten til Geir heiter faktisk Beate, og du kalla henne aldri noko anna. Fire av ti synest den riverdance-greia var skikkelig festlig. Seks av ti fekk det ikkje med seg. Og fire av ti synest det var sjarmerande og ikkje minst overraskande at du stod på hendene på nachspielet. Seks av ti hadde sovna.

I mitt neste liv skal eg bli politikar. Og gå på fest heile tida.
 

Først publisert på Aftenposten 16. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!