Samlagsprisen til Leikvoll

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Alt i vår konkluderte juryen for Samlagsprisen med at årets vinnar er Jan Roar Leikvoll. Han visste om prisen, og skulle vore her for å ta i mot den, sa forlagsdirektør i Samlaget Edmund Austigard då han delte ut prisen under lanseringa av Samlagets haustliste torsdag.

LES OGSÅ: Bokhandlarane heidra Mæhle og Leikvoll

Leikvoll gjekk bort 31. juli, og det var medlemmer av familien hans som tok imot prisen på hans vegner.

– Jan Roar Leikvolls død er eit formidabelt tap for Samlaget, han hadde mange vener på huset. Så det er ei tung bør, og det var godt å få markert det, sa Austigarden til Nynorsk pressekontor etter utdelinga.

BOKMELDING: Songfuglen: Ein fortryllande roman

I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna: «Med imponerande konsekvens vågar Leikvoll å handsame komplekse tema, mane fram storslåtte kontrastar. Han skildrar dei nedrigaste handlingar og dei fagraste draumar. I fleire av romanane er musikken det som held liv i hovudpersonen når alt anna er som mørkast, og i tråd med dette er språket prega av ein stillferdig, melankolsk, mollstemd musikalitet. Alt dette bidreg til å gjere Jan Roar Leikvolls forfattarskap til eit av dei mest særmerkte – og fremste – i norsk samtidslitteratur».