Gjev motorundervisning i kulturskulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Motor i kulturskulen

1. september startar eit unikt kulturskuletilbod i Haukeli. «Motorskulen» er resultatet av eit politisk ynske om å fange opp dei som ikkje driv med idrett eller tradisjonelle kulturskuleaktivitetar. Budsjettforhandlingane i desember i fjor førte til 400 000 kroner til å starte opp motortilbodet.

Kulturskulerektor Anders Blystad trur Vinje kan vera åleine om å ha motor på timeplanen.

– Eg har snakka med kollegaer andre stader, og har så langt ikkje høyrd om andre kulturskular som har eit slikt tilbod, seier Blystad.

På timeplanen står alt frå HMS (helse, miljø og tryggleik), trafikkreglar og rus, til lager, hjuloppheng, smørjing og drivverk. Bilmekanikar Mikael Bjerkhaug frå Drangedal er leigd inn som lærar.

Kjøper bil og moped
Førre veke var Blystad og kikka på lokala til Hauk motorklubb, der undervisninga skal gå føre seg.

– Dei treng nok ein vask før alt er klart til å ta imot elevar, smiler rektoren.

Kulturskulen kjøper inn ein bil og ein moped til opplæringa. Av og til vil elevane få høve til å ta med seg private køyretøy også. Elles går mykje av pengane til investering i utstyr.

– Me får sjå korleis det går i år, om me utvidar tilbodet til andre delar av kommunen neste skuleår. Det vil truleg bli eit populært tilbod, så det er store sjansar for utviding etter kvart, meiner Blystad.

Han har akkurat lyst ut tilbodet, og alt fått nokre søknader.

– Sidan eg la det ut på Facebook har det vore stor interesse, og mange spørsmål. Det blir nok fullt, trur rektoren.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!