– Spikaren i kista for Oslo-OL

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Spikaren i kista for Oslo-OL 2022

I slutten av juni presenterte OL 2022 ei meiningsmåling der 52 prosent av befolkninga under 30 år stilte seg positiv til eit OL i Oslo om åtte år. No kan det sjå ut til at den olympiske elden er vorte til glør.  

Ei fersk måling gjort av InFact for avisa Nordlys syner nemleg at berre 41,6 prosent mellom 19 og 29 år er for eit Oslo-OL, medan 45,9 prosent er imot.

Nei-sida har med dette for fyrste gong eit klårt fleirtal blant dei unge.

LES OGSÅ: Frp seier nei til Oslo-OL

Vil ha regjeringa på banen
Til VG uttalar Stortings- og bystyrerepresentant for Frp i Oslo Mazyar Keshvari at ja-sida no har mista sitt viktigaste argument.

– Denne undersøkinga syner med tydelegheit at heile Noregs befolkning har innsett at det å nytta milliardar på å planleggja og gjennomføra eit arrangementet, er unyttig. Eit av dei viktigaste argumenta til ja-sida er at ungdommen, som skal vekse opp med anlegga, er for OL, men dette stemmer ikkje, seier stortingsrepresentanten til VG, og slår fast:

– Undersøkinga syner at ungdommen er mot OL, og eg meiner dette er den definitive spikaren i kista for Oslo-OL 2022.

Politikaren trur ikkje Noreg er i stand til å ta OL attende til røtene slik Den internasjonale olympiske komité (IOC) er organisert i dag, og er difor ein stor motstandar av å arrangere OL i Oslo.

– Det er ikkje mogleg for eit land å gje statsgaranti til noko befolkninga er så klårt i mot. Eg oppmodar regjeringa til å kome på banen og seie nei så fort som mogleg, seier Frp-aren.

LES OGSÅ: Oslo-OL møter massiv motstand

Ungdomspartimotstand
Òg blant ungdomspartia er motstanden stor. Unge Høgre er det einaste av dei åtte ungdomspartia som går inn for eit «nølande ja» under føresetnad at det vert eit nøkternt OL.

Unge Venstre var sist ute med å bestemme seg, og landa tidlegare denne månaden på eit nei.

– Me tykkjer eit OL i Oslo vert frykteleg dyrt, og meiner det finst betre måtar å nytte pengane på, seier Unge Venstre-leiar, Tord Hustveit til Nordlys.

Ungdomspolitikaren meiner Noreg ikkje bør stå inne for IOC sine verdiar og trur ikkje på eit nøkternt OL.

LES OGSÅ: Oslo-elevar seier ja til OL

Overraska informasjonsdirektør
Berre tre av ti nordmenn ynskjer eit OL i Oslo i 2022, syner meiningsmålinga gjort for Nordlys.

Men det er ungdomstala som skil seg tydlegast frå tidlegare målingar.

Informasjonsdirektør i Oslo 2022, Ingunn Olsen, uttalar til avisa Nordlys at ho er overraska over tala som syner ein større motstand blant ungdommen. Ho meiner det er for tidleg å konkludera med at ungdommen er negativ og peiker på at det tidlegare har vore sprikande målingar.

Òg generalsekretær i Norges Idrettsforbund (NIF) Inge Andersen stiller spørsmål ved om målinga er samanliknbar, ifølgje VG.

Denne hausten skal Stortinget ta stilling til statsgarantiar og tilskot til OL i 2022.

LES OGSÅ: Frp krev nasjonal folkeavstemming om OL