Putin vil boikotte Snøfrisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag varsla president Vladimir Putin i Russland at landet vil innføre importforbud på ei rekkje varer produsert i Vesten. Eit av produkta er smøreost, og dermed også Snøfrisk.

Russland er no den største importøren av smøreosten Snøfrisk, produsert ved Tine Meierier Ørsta sitt anlegg.

LES OGSÅ: Ebola-viruset er ei internasjonal krise

Importforbodet er eit svar til EU, Noreg og USA

Putin kjem med importforbudet som eit svar på at EU, Noreg og USA har vedteke og gjennomført økonom iske sanksjonar mot Russland grunna deira politikk overfor Ukraina, melder Dagbladet.

Landbruksdepartementet har gått igjennom lista som Putin har presentert, og konkludert med at det for Noreg sin del er smøreost, i hovudsak Snøfrisk, alkohol og fiskefor som vert råka.

Russland er den største importøren av Snøfrisk, og volumet passerte hundre tonn i 2012.

Ørsta-meieriet er eit spesialysteri, og har mange varemerke på produktlista. Snøfrisk er ein viktig del av produksjonen, men faste kvitostar og brunost står før ein større del av produksjonen.

Les saka i Møre-Nytt!

LES OGSÅ: – Må endre definisjonen av normalt vêr