Ny fagsjef i Bellona


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Håvåg er utdanna sivilingeniør i energi og miljø/industriell økologi frå NTNU, og har dei siste sju åra arbeidd i Alstom Noreg. Han går inn som ein del av leiargruppa i Bellona og sitt med det daglege ansvaret for fagavdelinga. Han vil få eit overordna operasjonelt ansvar for prosjekt- og programstyring, koordinering mellom avdelingar og fagleg utvikling.
– Miljøutfordringane vår generasjon står overfor er enorme og komplekse. Det vil krevje visjonar, kreativitet og kunnskap for å finne dei løysingane verdssamfunnet treng. Samtidig ser vi no at mange verkemiddel knytt til miljø- og klimapolitikk faktisk verkar, og det inspirerer meg veldig til å ta fatt på jobben i ein visjonær og pragmatisk miljøorganisasjon som det Bellona er.
Han peiker på korleis klima- og miljødebatten både i Noreg og internasjonalt går svært spennande år i møte.
– Eg gleder meg til å vere med å vidareutvikle ein av dei viktigaste aktørane i norsk miljøbevegelse. Gamle dogmatiske standpunkt om miljø og klima høyrer fortida til. Bellona har ei tydeleg stemme i offentlegheita, og er ein fascinerande kombinasjon av visjonære idear, fightereigenskapar og pragmatiske alliansar.