Kjøler ned Øyafestivalen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Øystein Skjæveland starta opp Isrosa for 14-15 år sidan, medan han var elev på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Han lagar økologisk is med råvarer han i stor grad dyrkar sjølv. No er omsetninga på rundt ein million i året, han sel til butikkar og kaféar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Oslo, og han må handtera fleire meter lang kø på Øyafestivalen.

– Det har gått frå å vera ein snål hobby til å verta levebrød for familien. Eg har ei kone og tre born. Men du kan godt få med at overskotet ikkje er på ein million, sjølv om omsetninga er det, seier Skjæveland sjølv.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Øya-veteran

Skjæveland bur i Herøysund i Kvinnherad, der han produserer det aller meste av mjølk, egg og rabarbra til isen sin sjølv. I nokre høve må han kjøpa inn råvarer utanfrå – som til dømes før Øyafestivalen, der han har vore sidan 2003.

– Første året var at då satsa Øyafestivalen for første gong på økologisk mat og miljø. Då hadde me eigentleg ein informasjonsstand for Jord- og Hagebruksskulen, og eg tok med litt is for å visa kva me dreiv med. Men folk var meir interessert i isen enn brosjyrar om økologisk landbruk, så eg vart ståande å selja is under heile festivalen.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Ein pris – ein is. Det var konstant lang kø framfor Isrosa. Foto: Anders Veberg

Ga vekk til Bjella

Under Øyafestivalen har det pleidd å gå bra med salet – han har som oftast lite tid til småprat og konsertar. Men for tre år sidan tok han seg litt tid til å prata med Stein Torleif Bjella.

– Bjella var på Øya for tre år sidan, då kom han bort og skulle kjøpa is hos oss. Men så hadde han gløymd pengane sine. Då spanderte eg isen på han likevel, sidan han lagar så fin nynorsk musikk. Me vart ståande å prata ei stund. Han likte isen, og vurderte å dyrka rabarbra til meg på småbruket sitt.

Blant anna difor trur Skjæveland at Isrosa kan passa godt til Bjella-konserten på laurdag. For nynorsk musikk, og kanskje spesielt nynorsk-delen, er noko Skjæveland likar.

LES OGSÅ: Ida (19) har budd i ei hole i eit år

– Sluttar med is før eg går over til bokmål

Isrosa er nemleg ganske åleine i å marknadsføra seg på nynorsk i Øyafestivalen. I boden står Målungdommen og hjelp til, og i hastige augneblink kan ein sjå ein Ivar Aasen-boxer stikka opp frå ein shorts.

– Ein del av motivasjonen min er å visa at det er mogleg å visa at ein kan driva butikk på nynorsk. Det er heilt uproblematisk, same kvar eg er i landet. Eg hadde gjort det uansett, men det er eit særtrekk folk ikkje reagerer negativt på, seier Skjæveland.

Og han er ganske klar i nynorsk-posisjonen sin.

– Eg hadde heller slutta med isen, før eg går over til bokmål.

LES OGSÅ: Følg grunnlovsferda frå Oslo til Ørsta

Gøymd, men travel

I Tøyenparken står Øystein Skjæveland, Målungdommen og Isrosa litt gøymd vekk frå resten av maten. Faktisk står dei på toppen av ein bakke, med utsikt til hovudscena.

– Me var litt nervøse for plasseringa, men likevel har det vore meir kø enn det me klarar å ta unda. Slik pleier det eigentleg å vera.

Målungdommen, som jobbar bak disken, dreg og kanskje ekstra nytte av plasseringa.

– I år ser me faktisk ned på hovudscena, så me får sjå konsertane som er der. Me pleier og å prøva å lata dei som jobbar ta fri til nokre konsertar. Men for min del kjem det i andre rekke.