Saknar du Aasen-språket i Oslogryta under årets utgåve av hipster-festivalen? Slapp av. Me veit råd.

Under Øyafestivalen kjem store internasjonale artistar til Tøyenparken i Oslo, og festivalen vart utseld med god margin. Den startar offisielt i dag, onsdag, og varar til laurdag. Så klart er det kjekt med festival – men lat oss slå eit slag for nynorsken.

Her får du nokre få tips til korleis du kan gjera Øyafestivalen meir nynorsk.

LES OGSÅ: Spelemann blant spelekvinner

Programmet

Dei utbrettbare programma du får til å ha i baklomma inneheld kart, tider og ei oversikt over ting som skjer i Tøyenparken. Diverre finst det ikkje eigne nynorsk-versjonar av desse.

Her får du ein kort guide til korleis du kan laga din eigen nynorsk-versjon av Øya-programmet. Berre følg framgangsmåten på biletet, så er du eigentleg ferdig!

Så lett kan det gjerast. På nokre få, enkle steg har du ordna deg din eigen nynorskversjon av Øya-programmet. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Hot halling på Bylarm

Publikumsdeltakinga

Under ein festival spelar band på scena, og dei spelar som oftast i underkant av ein time. For at det skal bli ei stor oppleving på denne korte tida, er det viktig at publikum bidreg.

Plystring og klapping har me ikkje eigne nynorskvariantar av (enno), men når det nærmar seg slutten kan du setja ditt preg på publikumsmassen. Når det Oslo-dominerte publikummet ropar etter "mere, mere, mere", kan du heller ropa "meir, meir, meir" – og slik støtta din favorittartist utan at det går ut over den språklege integriteten.

LES OGSÅ: Bjella opnar Øya-laurdagen

Artistane

Det er knallhard realitet at du ikkje vil rekka over alle artistane som spelar under Øya. Det går berre ikkje, og du treng ikkje leita lenge etter ein tåleleg bra guide til kva artistar som har mest kredibilitet på gatene om dagen.

Men – kva namn gir deg mest nynorsk-valuta for pengane?

Du kan til dømes starta torsdagen med ein dobbel. Sunnmøringen Egil Olsen og hallingdølen Daniel Kvammen spelar rett etter kvarandre, klokka 14.15 og 14.55. Han Daniel skal få ekstrapoeng, for han syng til og med på dialekta. Han Egil held seg til engelsk i songen, men han pratar så mykje på sunnmørsk at det går fint.

Sidan det er tidleg på dagen, er dei sikkert litt lause i snippen. Dette er difor eit flott høve til å ropa "meir" på.

Det er ikkje så vanskeleg å få ei fullverdig nynorskoppleving under Øyafestivalen. Foto: Anders Veberg

Det er meir. Sjølvsagt. Faktisk er det eit lite hopetal med artistar frå nynorsk-område, som i det minste kan få ein raus geografisk bonus, sjølv om mykje av songen går føre seg på engelsk.

Hanne Kolstø er frå Sykkylven, Farao frå Valdres. Og lat oss ikkje gløyma Stein Torleif Bjella, endå ein dialekt-tru hallingdøl.

Hos Brak, musikkbransjen sin organisasjon i Sogn og Fjordane og Hordaland, kan du sjå alle artistane frå desse to fylka som spelar på Øya. Jau, det står på bokmål. Men tilgi dei det, denne eine gongen.

LES OGSÅ: Sjå alt frå Vinjerock!

Typisk nynorsk

Til slutt – det er typisk nynorsk å kosa seg. Om ikkje det er det frå før, kan Øyafestivalen vera eit godt høve til å etablera dette som eit uttrykk. Vinjerock har allereie etablert «Det er saa viktig aa kosa seg» som sitt slagord, som kan vera til inspirasjon.

Kos deg, og ver både trygg og nynorsk i Tøyenparken dei neste dagane.

LES OGSÅ: Dansken som skal leia festival i fjellheimen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

Kommentarar

ANNONSE