Amerikanske stridsvogner skal lagrast i Noreg
Forskar: – Viser at amerikanarane ser mørkt på utviklinga i Europa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
USA sender tanks til Noreg
Tunge amerikanske stridsvogner erstattar no lastebilar og personellkøyretøy i dei amerikanske militærlagra i Midt-Noreg.
Erfaringane til amerikanarane frå krigane i Afghanistan og Irak er årsaka til endringane i utstyret, ifølgje forsvarskjelder. Det skriv Adresseavisen.
Det amerikanske skipet USNS PFC Dewayne T. Williams kjem 10. august til Namdalseid. Lasta inneheld blant anna tunge tanks av typen M1A1 Abrams, pansra personellkøyretøy og pansra landgangsfartøy.
Utstyret er meir moderne og tyngre pansera enn det som tidlegare var lagra i dei midtnorske fjellhallane, skriv avisa.
Forskar Ståle Ulriksen ved Norsk utanrikspolitisk institutt meiner at dei nye stridsvognene i Trøndelag viser at amerikanarane ser mørkt på utviklinga i Europa.
– Dette kan ha samanheng med konflikten i Ukraina, seier Ulriksen.
Han peiker på at tryggingssituasjonen i Europa endra seg då opprørarane i Aust-Ukraina braut med Ukraina, og Russland annekterte Krim.
– Det markerte inngangen til ein ny epoke der mellomstatlege konfliktar i Europa blir meir sannsynleg, meiner han. (©NPK)