– Ikkje noko photoshop!

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Interessa mi for fotografi frå attenhundretalet kjem frå barndommen og heimbyen min Firenze. Bestefaren min var kunstsamlar og derfor har eg alltid sett mykje gamle maleri og svart-kvitt fotografi frå denne tida, fortel Luca Berti. 

Fotografen er frå Firenze men bur for tida i København. Nett no er han aktuell med utstillinga Folk og Natur på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Der syner han fram resultata etter hans ganske lange sykkelreise gjennom norske bygder.

LES OGSÅ: Italienar med norske strenger

Bevare bygda

Folk og Natur er ein folkekulturell fotodokumentar om bygdekulturane i Noreg i vår tid. Fokuset er på spora av den tradisjonelle bygdekulturen som i fleire hundreår kjenneteikna det norske samfunnet og landskapet, forklarer Berti.

Han ser på fotografiet som ein måte å ta vare på bygda og bygdekulturen for framtida. 

– Som fotograf ønskjer eg å ta vare på vår tids norske bondekulturen for dei neste generasjonane, gjennom å dokumentere det ved bruk av fotografi, fortel italienaren.

Og Noreg er ikkje det einaste landet han arbeider i. 

– Prosjektet er ein del av eit større prosjekt der eg dokumenterer dagens bondekulturar i Skandinavia, Baltikum og Aust-Europa. Prosjektet starta i 2012 i Danmark, heilt presist på øya Ærø, i samarbeid med to museum der. Eg reiste til fots rundt på øya og leita etter den lokale bondekulturen, og dokumenterte både folka som budde der og omgjevnadane ved hjelp av fotografi, fortel Berti.

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Inspirasjon frå gamledagar

Sjølv om Berti dokumenterer dagens bygdekultur kjem interessa frå tidlegare tider. 

– Sjølv tykkjer eg slutten av 1800-talet er ekstremt interessant. Den dramatiske historia, den fantastiske kunstproduksjonen og stilen. Kvaliteten på fotografia var òg utmerka. Dei var baserte på handtverk og ein klassisk, rein stil. Det er nett slik eg ønskjer å fotografere og arbeide.

Det får ikkje berre tyding for korleis fotografia hans ser ut, men òg for korleis han arbeider. Berti er nemlig oppteken av å vere autentisk på alle vis, og at arbeidsmetoden skal vere like gamaldags som estetikken. 

– Som fotograf er eg veldig inspirert av fotografar som Knud Knudsen, A. B. Wilse og Axel Lindal, som reiste Noreg rundt for kring hundre år sidan for å fotografere folka og landskapet. Som dei tek nyttar eg eit analogt storformatkamera med negativplatar i. Alt arbeidet er handtverk, heilt manuelt. Eg framkallar filmen og trykker fotografi i mørkerommet, fortel han.

Det inneber òg at alle fotografia er heilt unike. 

– Alle fotografi på utstillinga på Norsk Folkemuseum er handtrykte av meg. Ingen photoshop, understreker han.

LES OGSÅ: Når alt går til hundane

På sykkel gjennom landet

På utstillinga syner han fotografi frå Telemark, Romsdal, Setesdal, Gudbrandsdalen, Buskerud og Vest-Agder. 

Men er det verkeleg sant at han nytta sykkel som framkomstmiddel då han fotograferte? 

– Det er sant! Eg valde å reise med sykkel av fleire grunnar. For det første for å vere i kontakt med så mykje av dei lokale folka og kvardagsliva deira som mogleg. Det er vanskeleg å få til om ein er lukka inne i ein bil! For det andre heng det saman med ideen om å fotografere som i gamle dagar – A.B. Wilde sykla òg når han reiste omkring for å ta bilete. For det tredje er eg som mange andre frå Københamn glad i å sykle, og generelt sett ikkje så glad bilar.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

Ønskjer å fotografere meir av Noreg

Sjølv om han no har utstilling på Norsk Folkemuseum føler ikkje Berti seg ferdig med Noreg.

– Prosjektet mitt er ikkje ferdig! Eg ønskjer å halde fram å ta bilete over heile landet. Eg leiter faktisk etter institusjonar og sponsorar som har lyst til å hjelpe med finansieringa. Sluttmålet er å publisere ei fotobok. 

For fotografen har slettest ikkje fått avsmak etter å ha kome tett på norsk kultur og folkeliv.

– Noreg er rett og slett fantastisk! Eg er veldig fascinert av historia, folket, kulturen og naturen. Og eg er glad for å kunne seie at eg har følt meg varmt velkomen i møte med dei lokale på alle plassar eg har reist og fotografert. Eg vil alltid vere takksam for alle eg møtte på reisene mine der, avsluttar bygdefotografen.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd