Når alt går til hundane

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er hundedagane

Det er mykje god fantasi i gamal overtru, og hundedagane – tida mellom 23. juli og 23. august, den varmaste tida på året– ber kanskje med seg ekstra mange ulike mytar. Nokre av dei er litt for fantastiske til å tru.

– Opphav til dagar som hundedagane er alltid umogleg å stadfeste, og nokre teoriar, helst frå litt rare kjelder på 1800-talet, pleier å vere såpass fantastiske at folk føretrekkjer dei, seier folkloristen Kristian Bjørkelo, som til dagleg jobbar for Universitetet i Bergen.

– At ein nordisk tradisjon om hundedagar skal stamme frå Egypt er jo eit typisk døme på noko slikt. Det er jo ei såpass gøy forklaring at ein helst vil at det skal vere sant.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Nilen fløymde over

For det er frå Egypt mange meiner mytane om hundedagane kjem frå. Namnet kjem frå Sirius-stjerna – eller Hundestjerna – som starta stigninga si på denne tida av året. Tidsperioden tok med seg høgare temperatur og Nilen fløymde over. Maten rotna, det vart fleire insekt, og hundar og andre dyr gjekk amok. Det vart i alt sett på som ei forferdeleg tid på året.

– Når det no er sagt – Aristoteles synte til Hundedagane, og romarane nytta ei liknande forklaring. Så dette er faktisk ein av dei merkeperiodane me faktisk kan spora attende til før moderne tid. Det er jo litt artig, legg Bjørkelo til.

LES OGSÅ: Ugandisk anti-homolov er ugyldig

Mange meiner hundedagane hadde opphavet i Egypt. Illustrasjon: Colourbox.com

Folk går amok

Men det er ikkje berre hundane som… går til hundane, fortel Bjørkelo.

– Det blir til og med hevda at folk klikkar meir i denne perioden. At klimaet får fram det verste i oss, det mest aggressive. Ei oppføring i ein almanakk frå 1800-talet hevdar jo at dyr vert blodtørstige og menneske vert hysteriske og går "berserk". Den same almanakken påpeiker og så klart at havet kokar og at hundane, særleg, vert galne. 

Det er og nokon som meiner at lik flyt opp frå vatnet. Akkurat det slit Bjørkelo med å tru på.

– Lik flyt neppe opp elva. Uansett kor varme og fuktige desse dagane er, så snur ein ikkje opp ned på fysiske lovar og regler.

LES OGSÅ: Legar seier opp grunna samvit

Ikkje minst – roten mat

Eit anna punkt på lista over ting som går gale under hundedagane er maten. Maten råtnar raskare. Men det har jo ei naturleg forklaring, meiner Bjørkelo.

– At matvarer vert dårleg er jo ikkje så rart. Det er ofte varmt og vått, og ikkje ideelle forhold for matlagring. Har opplevd det same sjølv.

Det har journalisten og. Her om dagen skulle eg opna ein mjølkekartong som framleis hadde eit par dagar før datostemplinga gjekk ut. Der var det klumpar, og eg hytta med neven mot hundestjerna.

At det er umogleg å piska krem under hundedagane, er det og mange som trur. I Mythbusters-stil testa Bergens Tidende denne teorien.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

Er det umogleg å piska krem under hundedagane? Illustrasjon: Colourbox.com

Og no – vêret

Men den kanskje mest utbreidde myten går på vêret. At det er ekstra varmt i denne perioden er ein ting, men det er ganske fast tru på at vêret ein går inn i hundedagane med er det vêret ein går ut att med.

I Oslo vil det føra til lettare skydekke og rundt 30 grader den 23. august. Om det stemmer, vil visa seg.

Men kva hundedagane har å seia for vêret varierer og frå stad til stad – du kan lesa meir om det hos Aktiv i Oslo– så ta det vêrvarselet med ei klype salt.