Hø hø hø! Tullingar!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi som skriv i avisa held oss sjeldan for gode til å gjere narr av ting det er for lett å gjere narr av. Det skulle tatt seg ut. Noko av det artigaste vi veit, er politikarar som ikkje får det heilt til. Slikt får vi aldri nok av.

Når politikarar er ueinige med sine eigne partifellar, for eksempel. Då ler vi godt. Vi gjorde det den gongen SV-arar stod på plenen framfor Stortinget og protesterte mot regjeringa som SV sjølv var med i. Hø hø, lo vi. Og så slo vi oss på låra.

LES OGSÅ:– Tener mindre fordi dei er kvinner

Og no skjer det same i FrP. FrP-politikarar protesterer mot FrP-statsrådens handtering av terrortrusselen. Og mot Norges internasjonale engasjement. Som regjeringa er for. Og FrP er med i regjeringa. Hø hø hø, seier vi då. No er det FrP som står på plenen, seier vi, og så veit alle kva vi meiner. Tullingar! Og så ler vi. I fleire dagar, gjerne. Hø hø hø. Dei protesterer mot seg sjølve. Suppegjøkar!

Og så ler vi når det no viser seg at FrP ikkje klarer å få fjerna alle dusteforboda dei sa dei skulle fjerne. Sånt som forbod mot hjørnekjøleskåp, glødepærer, ståsyklar, drikking på offentlig plass, tipakningar med røyk, poker, doble drinkar, synlige lakrispiper og alkoholsal på valdagen. FrP-arar har alltid harselert med slike forbod. No har dei regjert ei stund, og så viser det seg at dei kanskje ikkje får fjerna alle desse forboda eingong. Nokre av dei får dei fjerna. Men ikkje alle. I alle fall ikkje med det første. Då ler vi også, vi som skriv i avisa. Ha ha! Sjølv ikkje det får dei til. Sullikar!

Vanligvis ler eg sjølvsagt av det same som alle andre som skriv i avisa. Elles blir det berre dårlig stemning.

LES OGSÅ: Legar seier opp grunna samvit

Men denne gongen tek eg faktisk sjansen på å gå ein annan veg. Eg går mot kollegaene mine. Eg veit at det eigentlig ikkje er lov, og at eg sannsynligvis kjem til å bli nekta alkoholservering neste gong vi som skriv i avisa møtest. Men det skal eg leve med. Eg har likevel drukke meir enn nok i sommar.

For det er altfor lett å gjere narr av politiske parti som er ueinige med seg sjølve. Og det er feil. Heilt feil. Og det er for lett å gjere narr av politikarar som ikkje får til sjølv dei enklaste ting.

Det er for lett. Og eg vil ikkje vere med på det!

Eg synest faktisk politiske parti burde vere ueinige med seg sjølve mykje oftare. Det verkar rett og slett ikkje truverdig at så mange så politisk engasjerte folk skal vere så einige heile tida. Sjølv er eg ganske ofte ueinig med meg sjølv. Og eg er berre ein person. Og ikkje spesielt politisk engasjert.

Og så er det dette med å få fjerna idiotiske forbod. Som burde vere den enklaste ting i verden når du først sitt i regjering. Her snakkar vi om tullete reglar som mange synest er tullete. Også mange som ikkje stemmer FrP. 

Men. Sjølv om mange synest dette er tullete reglar, og sjølv om mange som ikkje stemmer FrP er einige med partiet akkurat her, så er jo ikkje dette store ting. Det finst viktigare ting i livet og i politikken. Det er rett og slett litt flautt å seie at det var lakrispiper og doble drinkar  som avgjorde partivalet ditt.

LES OGSÅ: Robin Hood-jenta

Og slik er det sikkert også om du er politikar. Du har drive det langt. Du er i regjering. Og der sitt du. Og jobbar med lakrispiper. Eller hjørnekjøleskåp. Eller lyspærer. Eller kortspel. Eller alkhoholsal ein ekstra dag. Og sjølv om dette er små og dumme saker, så må du jobbe med dei som om det var skikkelige saker. Der har du demokratiet på sitt verste. Du må ha fleirtal. Det må skrivast framlegg. Det må høyringar til. Det finst EU-reglar du må ta omsyn til. Det tek tid. Og det handlar framleis om kjøleskåp og tipakningar. Eller fjerning av forbod som likevel ikkje blir handheva. Og medan tida går, så sitt du der kanskje og ser på kollegaene dine, partifellane dine, som driv med store ting. Terrorberedskap. Budsjett. Krig og fred. Helse. Det er fullt forståelig om du då tenker: Er det verd det? Er det verkelig dette eg skal bruke tida mi til?

Det er faktisk ikkje så farlig å få fjerna desse tulleforboda. Gløym det. Kom deg vidare! Gjer noko ordentlig i staden. Eller protester mot di eiga regjering.

Så skal vi som skriv i avisa finne noko anna å gjere narr av deg for.

Det skal vi nok klare.