– Badebassenga på skulane står tomme, medan besteforelda reiser til Syden.

I ein kronikk i Aftenposten i går skreiv tidlegare forlagssjef og direktør i NRK Fjernsynet, Andeas Skartveit, at «vi pensjonister har vært grådige til det usømmelige». Skartveit ønskjer ein debatt om i kva grad omsynet til pensjonistane kjem i konflikt med andre omsyn.

Pensjonisten fryktar at dei kommunale pensjonsordningane trugar andre velferdstilbod, særleg tilbod til barn, undervising og kommunal infrastruktur.

LES OGSÅ: Opnar for dårlegare løn for vikarar

I dagens Aftenposten møter han motstand, mellom anna frå Frp-veteran Carl I. Hagen, som har tala saka til seniorane i mange år.

– Eg forstår ikkje at han kan sjå bort frå dei moralske forpliktingane som ligg i at tilsette har betalt inn til pensjonane sine gjennom eit langt liv, seier Hagen til Aftenposten.

Leiar i Fagforbundet, Mette Nord, meiner Skartveit «skuldar»  hennar medlemmar for at at pensjonsforpliktingane til kommunane blir så store at politikarane må kutte i velferdsbudsjetta.

Ifølgje Aftenposten lovar ho bråk dersom politikarane tek Skartveit på ordet, og minskar pensjonsutbetalingane.

LES OGSÅ: Full pott på speed-date

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE