Kuttar vektgrense for angrepilla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er gledeleg at EMA har kome til at vektgrensa ikkje var riktig. No har også kvinner med høgare kroppsvekt eit alternativ til naudprevensjon utover koparspiral, seier medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk til Dagens Medisin.

LES OGSÅ: Vil gjere det lettare for ungdom å få prevensjon

I november i fjor åtvara Legemiddelverket mot bruk av naudprevensjon med levonorgestrel for kvinner som veg meir enn 75 kilo, etter at to studiar antyda at desse angrepillene ikkje verka godt nok i denne vektklassa. Åtvaringa omfatta merka Norlevo og Postinor.

Mange som var i tvil

Dei europeiske legemiddelmyndigheitene granska saka, og i førre veke kom konklusjonen som seier at angrepilla likevel kan brukast uavhengig av vekt, ifølgje tidsskriftet. Legemiddelverket baserte seg på utgreiing frå det franske legemiddelverket då dei åtvara mot bruken.

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa

– Dei undersøkingane som blei lagde fram den gongen, tyda på at avgjerda var riktig. Men samtidig var det mange som var i tvil, fordi det er veldig uvanleg at eit hormonlegemiddel så brått skal miste verknad sjølv om vekta til pasienten aukar, seier Madsen.