Forskarar har funne ein måte å få brød til å vare lenger – utan å bruke kjemikaliar.

Tora Hope

Frå den augneblinken det nybakte brødet forlet omnen, vert den påverka av mikrobar, sopp og gjær. Nokre dagar seinare spreier det blågrøne klumpane av mugg seg på overflata.

LES OGSÅ:Kvite løgner gir sterke venskap

Det er difor pakka brød inneheld konserveringsmidlar, som skal forlenge haldbarheita til produktet. Brasilianske forskarar har no funne ein måte å redusere mengda kjemikaliar som vert tilsett i brød, samstundes som brødet varer lenger, melder Science Alert.

Ved å tilsetje naturlege konserveringsmidlar i emballasjen, i staden for å kjemikaliar i brødet, fekk forskarane brøda til å vare i 15 dagar ved romtemperatur. Dei naturlege konserveringsmidlane kjem frå planter som orgeano og nellik, og har naturlege antimikrobielle eigenskapar.

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu

Forskarane blanda eteriske oljar frå plantene med vatn og eit tjuknande middel avleia frå plantemateriale.

Resultata frå studien er publisert i Journal of Agricultural and Food Chemistry.

– Desse teknikkane kan bli brukt i større skala, på ulike typar brød. Til dømes er dei gode for vakuumpakka mat, har forskarane sagt til Business Insider.

Dei testar no teknikkane på frukt, kjøtprodukt og mjølkeprodukt.

LES OGSÅ: Mindre risiko for å bli skilt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE