Humla godt øl til Festidalen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nyetablerte bergensbryggeriet 7 Fjell har laga 2000 liter «Englafjell Pale Ale», og publikum og artistar på Festidalen får nyta halvparten av dette. Resten vert selt i nokre utvalde butikkar i nærområdet.

Denne saka stod først på trykk i Kvinnheringen.

– Dette ølet er laga som ein overgang for dei som er vane med pils, men vil prøva seg på overgjæra øl, seier «Bierstubegeneral» Sammy Myklebust.

Men alle skal finna noko som passar deira smak: På Festidalen sin drikkemeny står det åtte-ni sortar øl, frå det lyse Pale Ale til det mørke Sorte Får, som er ein stout frå Berentsens Brygghus.

Det spesialbrygga Englafjell-ølet vert omtala som «ein maltrik pale ale» med «krydra tonar frå Goldings-humle». På flaskene vert det òg anbefalt å servera ølet ved 6–8 grader «på ein eigna festival».

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Eksklusivt seminar
Pale Ale er blitt svært populært dei siste åra, og det same har kunsten å brygga sjølv. Mikrobryggeria poppar opp overalt. På sosiale medium boblar det av prøvesmakingar, bryggekonkurransar og praktiske tips. I forkant av Festidalen (altså torsdag) vert det også eit ølsmakingsseminar, der Stian Krog skal leia deltakarane gjennom ulike handbrygga ølslag. Det er berre førti plassar på det eksklusive arrangementet på gamleskulen, og dei som kjem først, kjem inn.

– Her forventar vi nokre gode diskusjonar, seier Sammy Myklebust.

LES OGSÅ: Fysisk aktivitet i sola?

Medviten skjenkepolitikk
Det var Bjørn Olav Tveit i festivalstyret som kom med ideen om eit kortreist øl, som kunne stå til den lokale profilen Festidalen har.

Bryggmeister ved 7 Fjell bryggeri i Bergen, og mannen bak Englafjell Pale Ale, er Gahr Smith-Gahrsen som i mange år har blitt Norgesmeister i heimebrygging.

– Vi har ein medviten skjenkepolitikk, understrekar Bjørn Olav.

LES OGSÅ: Aldri for seint for sommarleir

– Einskilde festivalar har utarta til dei reine sjøslag. Vi ønskjer å ha ei lun og god stemning, og vi får godord frå politiet. Sjølve festivalen har open aldersgrense, og dermed opnar vi for ungdom som elles ikkje har så mange tilbod. Men i skjenkeområdet er vi nøye på aldersgrensa. Ved å tilby kvalitetsøl, seier vi at det er betre å kosa seg med eitt glas skikkeleg godt øl, enn å bøtta i seg to-tre glas av billegaste sort.

Ei ny verd
Ei av dei som er over aldersgrensa, er barsjef Anne-Grethe Høisæther.

– Det opnar seg ei ny verd når ein oppdagar at det finst så mange typar øl. Eg har sett lyset, og blitt frykteleg glad i IPA, seier ho nesten overraska.

LES OGSÅ: Difor er byen varmare enn bygda