Dei viktigaste menneska

Lenge var Andrea Sjøvoll ei glad jente, nøgd med å spele fotball. No tek ho brot på barns rettar personleg. 

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommar vil Framtida.no løfte fram unge eldsjeler, som fortel om det dei brenn for. Andrea Sjøvoll er leiar i Redd Barnas ungdomsorganisasjon, Press. Somme gongar pustar ho barns rettar.

– Kvifor er Press sitt arbeid viktig?

– Press sitt arbeid er viktig fordi det handlar om dei viktigaste menneska i samfunnet vårt, nemleg barn. Press arbeider med dei sakene som ofte vert gløymt, oversett eller ikkje kjem på dagsordenen. Press er røysta til dei barna som elles ikkje vert høyrt. Vi tek brot på barns rettar personleg, og vi står alltid på barns side i kampen for deira rettar!

LES OGSÅ: Augevitne på Vestbreidda

– Kva var det første som fekk deg til å bry deg?

– Lenge var eg berre ei glad og nøgd jente, som spelte fotball. Som tolvåring forstod eg at brot på barns rettar er personleg, både fordi dei skjer med barn på min eigen alder, og fordi barn og unge også i Noreg dagleg opplever at rettane deira ikkje vert respektert.

– Kven er ditt største førebilete i kampen for barns rettar?

– Eg har lenge sett opp til Inga Marte Thorkildsen, på grunn av hennar engasjement for barnevern, kampen mot skjønnheitsideala i dagens samfunn, og for asylsøkjande barn. Elles finn eg kvar dag førebilete i dei eg arbeider saman med i Press. Både lokallaga og medlemmane i Press inspirerer meg til å kjempe vidare, kvar dag.

– Kor oppslukt er du i arbeidet for barns rettar på ein skala frå 1 til 10?

– 10! Eg trur eg pustar barns rettar av og til – på godt og vondt.

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

– Kva bruker du resten av energien din på?

– Eg prøver å vere mykje saman med mine nieser og nevøar. Dei er sinnsjukt kule! Eg har ikkje rukke å bli så godt kjend med nevøane mine endå, sidan dei berre er kring ein månad gamle, men eg reknar med at dei vert skikkeleg bra gutar.

– Kor ofte har du Press-relaterte draumar om natta?

– Alt for ofte. Dei er som oftast knytt til arrangement vi skal ha. Vi hadde landsmøte i april og i den perioden drøymde eg myke om Press. Ei natt drøymte eg at alt var klart til møtet. Vi hadde henta alle delegatane, satt dei i bussen som skulle ta oss til staden der møtet skulle vere, då eg plutseleg kom på at vi hadde gløymt å booke ein stad for helga! Då eg vakna var eg rimeleg stressa, men så kom eg jo på at vi hadde booka ein stad for mange månader sidan.

LES OGSÅ: Naturens stemme

– Og i den verkelege verda – kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?

– Eg kjem nok til å vie mitt engasjement til å kjempe vidare for ei verd der barns rettar er innfridd!

Les om fleire unge eldsjeler her!

Faktaboks

Unge eldsjeler

I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel Andrea Sjøvoll i Press om det ho brenn for.

Gå til temasidene våre med intervju med andre eldsjeler!