Fortvila solentusiastar pungar ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solformørkinga 20. mars neste år er best å få med seg frå Svalbard. Utleigarar kan tene tusenvis av kroner for å leige ut rom til entusiastar, og på flyplassen kan det bli kaos.

LES OGSÅ: Vi veit for lite om arktiske fisk

I mars 2015 vil det kome svært mange menneske til Longyearbyen på Svalbard for å oppleve ei ekstremt sjeldan solformørking, som er absolutt best å sjå frå øygruppa, skriv Svalbardposten.

Betalar gjerne
Mange vil kome langvegsfrå og betalar i dyre dommar for å få det med seg. Fortvila astronomientusiastar leiter etter ei ledig seng, men må gjerne punge ut opp til 60.000 kroner for opplegget – per person.

LES OGSÅ: Difor er byen varmare enn bygda

Eivind Trondsen er ein av dei som leiger ut fritidsbustaden sin i den aktuelle perioden. Han skal ha 50.000 kroner for ei veke.

– Det kjem seks personar, som skal bu her ei veke. Dei verkar veldig seriøse, og eg valte å takke ja til dei, fortel han til Svalbardposten. Trondsen har fleire gonger leigd ut til reisande via internett, og fekk veldig mange førespurnader om utleige under solformørkinga.

Få senger att
Spitsbergen Travel, som driv Polarhotellet, Spitsbergen hotell Funken og Spitsbergen Guesthouse, starta ein dialog med selskapet Travelquest Tours allereie i 2006 for å takle pågangen.

Travelquest har reservert alle romma i Spitsbergen Travel, som inkluderer 528 senger. Travelquest har planar om å sende rundt 360 besøkjande.

Dei som kjøper tur gjennom Travelquest må punge ut med over 34.000 norske kroner for ein person frå onsdag til søndag, inkludert fly frå Oslo.

LES OGSÅ: Aldri for seint for sommarleir

Også Basecamp har selt ut dei 42 romma sine, men har framleis ledige rom på Isfjord radio og båten «Tempelfjorden».

Det er ikkje berre-berre å få alle dei besøkjande til Longyearbyen. I tillegg til sine to rutefly 18. mars, har Sas sett opp to ekstrafly. Viss Sas sender dei største ruteflya sine, tek dei 189 personar i kvart fly. Travelquest Tours flyg også opp to charterfly frå Oslo.

Den 20. mars 2015, litt over klokka ti, passerer månen framfor sola slik at vi får noko så sjeldan som ei total solformørking. Fenomenet på himmelen varer i ganske nøyaktig 2,5 minutt. (©NPK)

LES OGSÅ: Færre studentbustader i Bergen