Kring 90 000 barn i Noreg lever med foreldre som misbrukar alkohol.

NPK-NTB
NPK-NTB

Folkehelseinstituttet anslår i ein rapport frå 2011 at cirka 90.000 barn under 18 år har ein forelder som har misbrukt alkohol det siste året. Dette er 8 prosent av alle norske barn.

LES OGSÅ: Får fleire piller etter sjølvmordsforsøk

Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) gjorde ein liknande studie i 2008. Her rekna dei med at mellom 50.000 og 150.000 barn har foreldre som misbrukar alkohol, skriv Aftenposten.

For desse barna er risikoen for sjølve å utvikle alkoholmisbruk to-tre gonger høgare enn for andre barn.

LES OGSÅ: Høgare risiko for å døy

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE