Det er ikkje berre noko menneska gjer. Ser hunden din at du kosar med ein «rival» blir den oppriktig furten.

The Telegraph skriv om forskingsprosjektet gjort ved University of California, som no stadfester at hundar blir lei seg, furtne – rett og slett sjalu – dersom menneskjer dei er glad i viser for mykje kjærleik til andre, rivaliserande hundar.

LES OGSÅ: Høgare risiko for å døy

Glefsar og masar

Måten forskarane har observert sjalusien på, er ved å sjå at hundar glefsar og dyttar meir på eigaren når han eller ho gir mykje merksemd til andre hundar. Eit av hovudpoenga er at den sjalu hunden ser på dei andre hundane som rivalar – konkurrentar som skal ta over kjærleiken.

– Studiet vårt tyder på at hundar faktisk oppfører seg som om dei er sjalu, men og at dei prøver å bryta tilknytinga mellom eigaren og rivalen, seier professor Christine Harris, som leia studiet, ifølgje The Telegraph.

LES OGSÅ:Difor er byen varmare enn bygda

Debatt sidan Darwin

The Telegraph skriv og at folk har stilt seg dette spørsmålet – om hundar faktisk blir sjalu – heilt sidan Charles Darwin si tid. I «The Descent Of Man» skriv Darwin at «alle har sett kor sjalu ein hund blir på eigaren sine kjærteikn, dersom dei blir gitt til ein anna skapning».

LES OGSÅ: Vil du bla gjennom biblioteket til Darwin?

Der Darwin meinte at hundar vart sjalu, har fleire andre sett på sjalusi som ein sosial konstruksjon blant menneskja – og ikkje noko hundar dreiv med. Ifølgje forskarane i California var det altså Darwin som hadde rett.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE