Varslar strengare skulestyring

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varslar strengare skulestyring

Isaksen seier til VG at regjeringa kjem til å koma med konkrete framlegg som skjerpar krava til skuleeigaren, mellom anna når det gjeld å kartleggja kompetansen til lærarar og gje vidareutdanning til dei som treng det.

LES OGSÅ: Memoarar frå ein nesten-statsråd

– Men me vil òg koma med framlegg som premierer gode skuleeigarar, seier Isaksen.

Han innrømmer at dette kan tyda meir statleg styring.

– Det kan kanskje bli litt meir byråkrati for ein kommune dersom dei må finna ut kven som skal ha vidareutdanning, men det får dei leva med. Ikkje kvar ei form for kartlegging er av det vonde, seier han.

LES OGSÅ: Høgre-politikar vil ha oppkøyring for 17-åringar

Statsråden meiner konflikten mellom lærarane og kommuneorganisasjonen KS om lærarane si arbeidstid kjem på toppen av fleire saker som har provosert lærarorganisasjonane dei siste åra.

73 prosent av lærarane i KS-tariffområdet røysta nei til den framforhandla tariffavtalen. 1. juli gjekk 36 lærarar ut i streik på Rothaugen skole i Bergen, og det ligg an til å verta ei kraftig opptrapping av  streiken frå skulestart.

LES OGSÅ: Solvik-Olsen: – Me har fått til meir enn Segway