Sagbrukmusikk på bygda

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det her høyrast ut som eit sagbruk. Er det her musikk?» vart det sagt på nærradioen då gutane i bandet B0ka spelte elektronika saman, for første gong på UKM i kommunen.

B0ka spelar såkalla «Instant Tropicana» med ei blanding av ulike sjangrar frå jazz til elektronika. Bandmedlemmene har vore bestevener sidan barnehagen og spela musikk saman sidan ungdomsskule-tida.

LES OGSÅ: Dansken som skal leie festival i fjellheimen

Saka held fram under musikkvideoen.

– Det er nok ikkje eit miljø for den slags klubbmusikk på dei små bygdene som her på Eid. Så det er berre nokon få høve vi har til å spele i heimbygda, seier Espen Bjørlo Mellem på gitar og vokal.

Det, i tillegg til studiar, var årsaka til at gutane først flytte til Bergen. I dag har dei base på austlandet.

B0ka består av Espen Bjørlo Mellem (gitar, vokal), Andreas Rotevatn (trombone, keys), Endre Øsleby (bass, perk), Bjørnar Sira (beats, vokal) og Morten Smith Lien (sax, synth).

Sjå bandet spele på NRK Sommarlutt her.

Kulturen står sterkt på Nordfjordeid
– Nordfjordeid har jo blitt kjent for å få til ein del ting som kanskje ikkje er så vanleg på bygdene, med eigen festival og Operahus. Det er gøy at ein kan få til så store arrangement på så små stadar som Eid, seier Mellem.

LES OGSÅ: Høyr Side Brok si resirkulerte låt

Saka held fram under videointervjuet.


Videotekst: Andreas Rotevatn, Endre Øsleby og Espen Bjørlo Mellem er nøgd med å kunne spele i heimbygda under Malakoff Rockfestival. Video: Ingrid Telset Heltne

Tredoblar innbyggjartalet
Malakoff vert arrangert i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Den første festivalen vart arrangert i 2003 med 650 besøkjande. I år kom 22 000. Til samanlikning bur det knapt 5900 innbyggjarar i kommunen til dagleg.

– Vi har hatt mange flotte konsertar, med fleire musikalske høgdepunkt. Publikum har skapt god stemning og kosa seg i sommarsola, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

LES OGSÅ: Sjå alt frå Vinjerock!