Kommentar: Ikkje brenn deg

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som solsvoltne nordlendingar har nok dei aller fleste av oss opplevd å bli solbrent. Det er allmennkunnskap at brent hud svir på kroppen, og den beste løysinga er naturleg nok – å verna seg på førehand.

Omsett til nynorsk av framtida.no

Samarbeid mot svart økonomi ser ofte nordlendingar som brenn seg, ikkje berre i sola, men på svart økonomi. Me ser blant anna at mange unge har brent seg på svart arbeid. Med papira i orden er du sikra både feire- og sjukepengar, dessutan er du sikker på at du har ein jobb å gå til i morgon òg.

LES OGSÅ: Ei anna våt historie

Heldigvis er dei fleste av oss opptekne av å styra unna ulovleg aktivitet og lyssky verksemd. Me veit det er lett å brenna seg om ein vel feil. Av og til er det behov for å minna om at svart økonomi òg er kriminell verksemd som går ut over deg og meg.

Alle som kjøper svart arbeid bidreg til å unndra skatter og avgifter frå det store spleiselaget me alle er ein del av. Dei snik seg vekk frå ansvaret og overlèt rekninga til oss andre.

I nokre næringar har det blitt vanskeleg for seriøse bedrifter å konkurrera med dei kriminelle. På sikt kan bedrifter gå konkurs eller bli lagt ned og fagkompetanse forsvinna. Det er straffbart å medverka til svart økonomi, til dømes ved å inngå ein avtale om å kjøpa handverkstenester svart. Straffa for medverking er like streng som for handverkaren. I tillegg kan ein bli økonomisk ansvarleg for skatten som skulle vore betalt.

LES OGSÅ: Eit tap skal vi takle

Me i Noreg kan ikkje bygga og driva samfunnet på svart økonomi og arbeidskriminalitet. For å stoppa denne utviklinga bør alle ta aktivt avstand frå svart økonomi. Me bør ikkje godta svart økonomi hjå oss sjølve eller hjå dei rundt oss.

Samarbeid mot svart økonomi i Nordland er ei allianse der NHO, LO, Fellesforbundet, YS, Unio, Nordland fylkeskommune og Skatteetaten jobbar førebyggande mot svart økonomi. Me har følgjande gode råd til deg som ikkje vil brenna deg på svart økonomi i sommar:

– Ta firmasjekken på www.handlehvitt.no

– Skriv kontrakt

– Krev faktura med moms

– Betal via bank

– Sørg for at ungdom i sommarjobb har arbeidskontrakt, og at dei får lønnsslipp for kvar lønsutbetaling.

Ha ein god sommar vidare, og hugs solkrem!

På vegne av Samarbeid mot svart økonomi i Nordland:
Leiar Per Christian Jacobsen, Fellesforbundet

LES OGSÅ: God som gammal