God som gammal

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø om å bli pensjonist

Om sommaren har du gjerne ferie, og då er det heilt naturlig å tenke på den delen av livet då du skal ha ferie absolutt heile tida.

For grunnen til at eg tenker på slikt er ikkje at eg har komme i den alderen då ein må eller bør tenke på slikt. På ingen måte. Så gammal er eg faktisk ikkje. Dessutan har eg høyrt at førti er det nye tretti. Nylig høyrde eg faktisk at femti er det nye tretti. Det betyr at innan eg pensjonerer meg, vil sytti vere det nye tretti, og eg vil vere atskillig yngre då enn eg er no.

Eg skal bli ein veldig sjarmerande pensjonist, har eg bestemt meg for. Og det er ikkje så vanskelig. Det er mange måtar å oppføre seg på som – med god grunn – blir sett på som patetisk viss du er førti-femti, men som plutselig blir sjarmerande når du er syttifem: Å vere litt flørtande. Dulte borti folk som er mykje yngre enn deg. Blunke. Dra ein vits.

Viss du er syttifem og oppfører deg sånn, då seier folk: «Han er så full av liv. Han har opplevd så mykje, men er framleis nysgjerrig på livet.»

Viss du er førti-femti og oppfører seg sånn, då seier folk: «Er det mulig å få kasta ut han der?»

Og som sagt: Med god grunn. For all del.

Viss du er på karaokebar og ser ein på førtifem som syng ein åttitalsslager sånn halvgodt, så tenker du: «Oj, det var ei lei skilsmisse.»

Viss du ser ein på syttifem som syng ein åttitalsslager sånn halvgodt, så tenker du: «Så sjarmerande. Dette burde nokon lage ein film om.»

Og eg skal ikkje bli ein sånn type som seier at alt er så stressande no, at folk tok seg meir tid før, tid til å vere til stades i liva sine. Eg vil ikkje seie slikt. Litt fordi eg ikkje har spesielt lyst til å høyrest ut som ei blanding av ein sur gamling og ei bok om mindfulness. Og litt fordi det faktisk ikkje er sant. Folk tek seg minst like god tid no. Når vi er ute og et, for eksempel, med venner eller familie, så sitt vi ved bordet mykje lenger enn folk gjorde før. Sjølvsagt litt fordi vi bruker ein god del tid på å ta bilde av maten, og kvarandre, og kvarandre og maten, og så sender vi maten ut igjen, fordi maten har blitt kald fordi han blei ståande så lenge på bordet medan vi tok bilde av han. Men likevel: Vi sit til bords lenger  enn før. Og vi fortel andre folk at vi sit til bords og kosar oss, gjerne medan vi gjer det.

Og det er lett å gjere narr av slikt. Det er lett å le hånlig av generasjonen som ikkje kan gjere noko utan å skryte av det på nettet. Generasjonen som, når vi dør, kjem til å ha gravstøtter der det står:

«Sitter og koser meg i himmelen med noe rødt i glasset og nyter solnedgangen sammen med favorittenglene mine :):)»

Og folk legg ikkje ned blomster ved grava. Folk skriv «like» i jorda framfor steinen.

Det er lett å le hånlig av slikt. Men feil. Eg vil ikkje vere med på det. Eg skal bli ein raus gamling. Kvifor skal ikkje folk ta bilde av maten sin viss dei synest maten er fin? Kvifor skal ikkje folk fortelje andre at dei kosar seg?

Og først og fremst: Eg skal ombestemme meg når eg blir pensjonist. Eg skal seie «Eg veit ikkje» ganske ofte. Eg skal ikkje bli ein av desse som blir endå sikrare på at eg har hatt rett heile livet. Eg skal høyre kva folk seier, og viss det dei seier gir meining, så skal eg ombestemme meg.

Dessutan skal eg sjå bra ut som pensjonist.

Kort sagt: Eg skal bli heilt perfekt som pensjonist.

Alternativet er sjølvsagt å bli perfekt allereie no. Men det trur eg rett og slett ikkje at eg har tid til.


Først publisert i Aftenposten 19. juli.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!