Tette fødslar aukar dødsrisikoen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreldre som får born med mindre enn 18 månaders mellomrom, har større risiko for å døy tidleg, viser ny forsking.

Basert på det norske personregisteret har forskarar undersøkt om tette fødslar gjev langvarige helseeffektar i Noreg, skriv Dagens Medisin.

Undersøkingane viser at både kvinner og menn som fekk barn med mindre enn 18 månaders mellomrom, hadde cirka 10 prosent høgare dødelegheit enn foreldre som fekk barn med 2,5 år til 3,5 års mellomrom.

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjartesorg

– Kanskje er det i ein periode ekstra mykje slit og bekymringar knytt til det å ha to små barn, seier Øystein Kravdal, professor i demografi ved Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet. Han er ein av forskarane bak studien.

Studien viser òg at kvinner og menn som venta meir enn fem år før dei fekk sitt neste barn, har noko høgare dødelegheit.

LES OGSÅ: Dette gjer du garantert feil